Hopp til innhald

Western swing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Western Swing)

Western swing er ein undersjanger av amerikansk countrymusikk som oppstod seint i 1920-åra sørvest i USA blant western-strykeorkester.[1][2] Det er dansemusikk, ofte med ein livleg rytme;[3][4] som trekte store folkemengder til danselokale og klubbar i Texas, Oklahoma og California i 1930- og 1940-åra, fram til styresmaktene byrja å skattlegge nattklubbane i 1944 og mange av dei forsvann.

Rørsla voks ut frå jazz,[5][6][7] og det vert ofte trekt fram likskapar med gypsy-jazz. Musikken var ei blanding av amerikansk musikk frå landsbygda, cowboymusikk, polka, folk, Dixieland-jazz og blues blanda med swing;[8] og spelt med strenginstrument i lag med trommer, saksofonar, piano og stålstrengsgitar.[9] Dei elektrisk forsterka strengeinstrumenta, særleg stålstrengsgitaren, gav musikken ein særeigen stil.[10] Seinare inkarnasjonar inneheldt òg element av bebop.

Western swing skil seg på mange måtar frå musikken som dei populære blåseinstrumentbaserte swing-storbanda spelte på same tid. I western-band, sjølv dei med fullt orkester, så følgde vokalen og dei andre instrumenta fela. I tillegg så pleidde storbanda ofte å arrangere musikken sin på førehand med hjelp av notar, medan dei fleste western-banda improviserte fritt, anten med soloistar eller i saman.[11]

Viktige grupper innan western swing var mellom andre The Light Crust Doughboys, Bob Wills and The Texas Playboys, Milton Brown and His Musical Brownies, og Spade Cooley and His Orchestra. Populære grupper i dag er Asleep at the Wheel og The Hot Club of Cowtown.

  • Denne artikkelen bygger på «Western swing» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2011.
  • Boyd, Jean Ann. Jazz of the Southwest: An Oral History of Western Swing. Austin: University of Texas Press, 1998. ISBN 978-0-292-70859-4
  • Boyd, Jean A. "Western Swing: Working-Class Southwestern Jazz of the 1930s and 1940s". Perspectives on American Music, 1900-1950 (ch. 7, pp. 193–214), edited by Michael Saffle. Routledge, 2000. ISBN 978-0-8153-2145-3
  • Brink, Pamela H. "Western Swing". Encyclopedia of the Great Plains, David J. Wishart (ed.), p. 550. University of Nebraska Press, 2004. ISBN 978-0-8032-4787-1
  • Coffey, Kevin. Merl Lindsay and his Oklahoma Nite Riders; 1946-1952. (Krazy Kat KKCD 33, 2004) booklet.
  • Logsdon, Guy. "Folk Songs". Encyclopedia of the Great Plains, David J. Wishart (ed.), pp. 298–299. University of Nebraska Press, 2004. ISBN 978-0-8032-4787-1
  • Malone, Bill C.; Judith McCulloh (eds.) Stars of Country Music: Uncle Dave Macon to Johnny Rodriguez. University of Illinois Press, 1975. ISBN 978-0-252-00527-5
  • Marble, Manning; John McMillian; Nishani Frazier (eds.). Freedom on My Mind: The Columbia Documentary History of the African American Experience. Columbia University Press, 2003. ISBN 978-0-231-10890-4
  • Price, Michael H. "Jazz Guitar and Western Swing". pp. 81–88 The Guitar in Jazz: An Anthology, James Sallis (ed.). University of Nebraska Press, 1996. ISBN 978-0-8032-4250-0
  • Townsend, Charles. San Antonio Rose: The Life and Music of Bob wills. University of Illinois Press, 1986. ISBN 978-0-252-01362-1
  • Wolff, Kurt; Orla Duane. Country Music: The Rough Guide. Rough Guides, 2000. ISBN 978-1-85828-534-4
  1. Brink, Western Swing, s. 550
  2. Logsdon, "Folk Songs", s. 299
  3. Townsend, San Antonio Rose, s. 38
  4. Malone, Stars of Country Music, s. 170
  5. Boyd, Jazz of the Southwest, s. ix-x
  6. Townsend, San Antonio Rose, s. 63
  7. Price, "Jazz Guitar and Western Swing", s. 81
  8. Price, "Jazz Guitar and Western Swing", s. 82
  9. Coffey, Merl Lindsay and His Oklahoma Nite Riders, s. 3-4
  10. Wolff, Country Music, "Big Balls in Cowtown: Western Swing From Fort Worth to Fresno", p. 71"
  11. Boyd, "Western Swing", s. 208