Wadi Fukin
Wadi Fukin | |||
وادي فوكين, Wadi Fukin, Wadi Foukin | |||
kommune | |||
Namneopphav: Tornedalen[1]or «Valley of Fukin"[2] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Betlehem guvernement | ||
Koordinatar | 31°42′24″N 35°06′14″E / 31.70667°N 35.10389°E | ||
Areal | 4,3 km² | ||
Folketal | 1 168 (2007) | ||
Folketettleik | 272 / km² | ||
Wadi Fukin 31°42′24″N 35°06′14″E / 31.706666666667°N 35.103888888889°E | |||
Kart som viser Wadi Fukin.
| |||
Wikimedia Commons: Wadi Fukin |
Wadi Fukin (arabisk وادي فوقين) er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, åtte kilometer sørvest for Betlehem i Betlehem guvernement. Landsbyen ligg mellom Den grøne linja og Israel si sperring på Vestbreidda.[3] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Wadi Fukin eit folketal på over 1 168 i 2007.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ein har gjort funn frå antikken i området, som ruinaen av eit kapell, cisterner, gravholer i berget, kolumbarium og bysantinsk keramikk.[5]
Osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]I 1596 stod Wadi Fukin oppført i osmanske skattelsiter som Fuqin, og ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Folkesetnaden var på 20 hushaldningar, berre muslimar, som betalte skatt for kveite, bygg, oliven, druesirup/melasse, geiter og/eller bikubar.[6]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsby i 1863, som han skildra som «delvis i ruinar», med berre få innbyggjarar. Han fann fleire eldgamle gravholder hogde ut i berget.[7]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som Wad Fukin og «ein liten steinlandsby i ei åsside, med ei god kjelde i dalen nedanfor i sørvest. Det ligg hagar med appelsinar og sitronar nær kjelda. Vest for landsbyen er det hogde ut gravholer. I aust ligg ei anna kjelde, Ain el Keniseh.»[8]
Det britiske mandatet period
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Wadi Fukin eit folketal på 149, alle muslimar.[9] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Wadi Fukin 205, framleis alle muslimar, i 45 busette hus.[10]
I 1945 hadde Wady Fukin 280 innbyggjarar, alle arabarar, som eigde 8 631 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 226 dekar var plantasjar og irrigert land, 863 for korn,[12] medan 6 dekar vart utbygd (urbant) land.[13]
Etter 1948
[endre | endre wikiteksten]Før den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Wadi Fukin raida av Haganah fleire gonger, og mange innbyggjarar flykta til Dheisheh-leiren like sør for Betlehem. Dei kom heim att under jordansk okkupasjon av Vestbreidda og flykta igjen då Jordan tapte Vestbreidda til Israel under seksdagarskrigen i 1967. I 1972 fekk innbyggjarane løyve til å vende heim att til Wadi Fukin mot at dei bygde husa sine i løpet av ein månad.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wadi Fukin» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1869). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 3. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Socin, A. (1879). «Alphabetisches Verzeichniss von Ortschaften des Paschalik Jerusalem». Zeitschrift des Deutschen Palästina-Vereins 2: 135–163.
- ↑ 1,0 1,1 Stories from Palestina Wadi Fukin Khano, Delia. This Week in Palestina. 2007-07-09
- ↑ Palmer, 1881, s.333
- ↑ Settlement expansion and loss of Wadi Fukin’s land Arkivert 2008-02-07 ved Wayback Machine. Applied Research Institute - Jerusalem. 2005-05-23
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.117.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 915
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116
- ↑ Guérin, 1869, s. 321
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, s. 27
- ↑ Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Betlehem
- ↑ Mills, 1932, s. 35
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 58
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 104
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 154