Hopp til innhald

Viktar Tsiaresjtsjanka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viktar Tsiaresjtsjanka

Føddbelarusisk Віктар Іванавіч Цярэшчанка, russisk Виктор Иванович Терещенко, Viktor Ivanovitsj Teresjtsjenko
30. januar 1950 (74 år)
Dubraŭka
Statsborgar avBelarus
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, mekanikar, ingeniør
Utdanna vedQ18511194
International Institute of Management, Kyiv
Delaware State University
Alle verv
  • medlem av Belarus' øverste sovjet (1996–2001) Sjå dette på Wikidata

Viktar Ivanavitsj Tsiaresjtsjanka (fødd 30. januar 1950 i Dubrowka i Mahiljow-provinsen) er ein belarusisk politikar og medleiar i partiet Det belarusiske kristendemokratiet (Bjelaruskaja khrystsijanskaja demakratyja). Han var partilaus kandidat ved presidentvalet i Belarus 19. desember 2010. Ifølgje dei offisielle resultata kom han på sjette plass med 1,2 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar.

Tsiaresjtsjanka er utdanna innan økonomi og leiing i Homel i Belarus, i Kiev i Ukraina og i Delaware i USA. Han sat i parlamentet i Belarus frå 1996 til 2000. I 2010 var han leiar for Organisasjonen for små og mellomstore bedrifter. Han er gift og har tre døtrer.