Troké
Troké (gjennom latin frå gresk, 'springande') er i moderne dikting ein versefot samansett av ei tung og ei lett staving, som i ord som «dikte», «lenge», «rose» eller, ironisk nok, «jambe», ein motsett versefot. I klassisk dikting var ein troké ein versefot samansett av ei lang og ei stutt staving.
Troké er mykje brukt i latin, der trykket nesten aldri fell på siste staving. Dette finn ein mellom anna døme på i Dies irae-delen av rekviem-messa:
- Dies irae, dies illa
- Solvet saeclum in favilla
- Teste David cum Sybilla.
Mykje eldre finsk litteratur, som nasjonaleposet Kalevala, er skrive i trokéisk tetrameter (fire trokéar på kvar linje: DAM-da DAM-da DAM-da DAM-da):
- vaka vanha Väinämöinen
- itse loihe laatijaksi,
- tekijäksi teentelihe.
Lengre dikt som brukar mykje troké (av typen med tung og lett staving) kan lett oppfattast som monotone eller strenge i uttrykksmåten, men i kortare dikt kan versefoten vera effektiv.
Gjennomført bruk av troké er mindre vanleg i engelsk enn i latin, men han er brukt i fleire kortare vers, som i heksediktet i Macbeth av Shakespeare:
- Double, double, toil and trouble;
- Fire burn and cauldron bubble.
Versefoten er også vanleg i barnerim:
- Jack and Jill went up the hill
- To fetch a pail of water.
- Jack fell down and broke his crown,
- And Jill came tumbling after.
Også på norsk kan troké nyttast i kortare dikt og songar, som i «Noen barn er brune» av Jo Tenfjord:
- Noen barn er brune
- som et nystekt brø
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- trochee i Encyclopædia Britannica. Henta 16. september 2013.
- troké (2009, 15. februar) i Store norske leksikon. Henta 16. september 2013.
- Per Einar Jensen, Verseføtter Arkivert 2014-06-11 ved Wayback Machine., Versekunst