Tretijøya
Utsjånad
(Omdirigert frå Tretij)
Tretijøya | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Tretijøya 61°35′00″N 162°34′00″E / 61.583333333333°N 162.56666666667°E |
Tretijøya (russisk Остров Третий; Ostrov Tretij, tyder «Den tredje øya») er ei relativt stor øy vest i Sjelikhovbukta nord i Okhotskhavet i Russland. Ho ligg 4 km sør for ei halvøy som delvis ligg om ei lita bukt i området. Området er ikkje busett.
Tretijøya er om lag trekanta, og er 8 km lang og opp mot 3,7 km på det breiaste.
2,3 km nord for Tretijøya, i sundet mellom øya og fastlandet, ligg ei lita øy som er 700 meter lang og 400 meter brei.
- Vtoroj 61°28′N 163°00′E / 61.467°N 163.000°E og Krajnij (Остров Крайний) 61°27′N 163°00′E / 61.450°N 163.000°E, eller Tsjemenvytegartynup (Чеменвытегартынуп) er to mindre øyar som ligg 30 km søraust for Tretijøya. Krajnij er den største av dei to og eit sund på 1,7 km ligg mellom dei.
Administrativt høyrer Tretijøya til Korjak okrug.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tretiy Island» frå Wikipedia på engelsk, den 10. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Plassering Arkivert 2008-01-09 ved Wayback Machine.
- Satellittbilete
- Geografiske data[daud lenkje]
- Russisk Robinson Arkivert 2011-08-26 ved Wayback Machine.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: