Hopp til innhald

Tommy Robinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tommy Robinson

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 27. november 1982 (42 år)
Luton
Yrke politisk aktivist, journalist
Språk engelsk
Politisk parti British National Party, British Freedom Party
Medlem av English Defence League, Antijihadisme
Nettstad ingen verdi
Tommy Robinson på Commons

Stephen Yaxley-Lennon (fødd 27. november 1982), mest kjend under dekknamnet Tommy Robinson, er ein britisk politisk aktivist på ytre høgre-fløya.[1]

Han var med i grunnlegginga av English Defence League (EDL) og leidde organisasjonen 2009–2013. Han var også vore medlem av British National Party og i 2015 vart han involvert i grunnlegginga av britisk Pegida.

Robinson er straffedømt ei rekkje gonger, med fire fengselsstraffer mellom 2005 og 2019 for forhold som vald, kokainlagring og svindel. I 2013 drog han ulovleg inn i USA med passet til ein ven. I 2018 braut han ein rettsordre då han strøyma video på Facebook Live av tiltalte som gjekk inn til domstolen. I 2021 blei han funnen skuldig i å ha æreskrenka ein 15-årig flyktning i Huddersfield, og dømd til å betala erstatting og omkostningar. Kort tid etter slo han seg sjølv konkurs.[2] I 2021 blei han gjeven kontaktforbod etter å ha trakassert ein journalist og partnaren hennar.[3][4][5]

I juli 2018 vart Robinson dømd til 13 månader fengsel for å ha filma utanfor Leeds Crown Court der fire menn vart tiltalte for gruppevaldtekt av ei ung jente. Den raske dommen han fekk vekte mistankar frå tilhengjarane hans om at dommen var politisk motivert.[6] Han vart ein månad seinare lauslaten mot kausjon.[7]

  1. «Tommy Robinson profile: Convicted criminal is one of UK's most prominent far-right activists». The Irish Times. Arkivert frå originalen 9. desember 2023. Henta 28. november 2023. 
  2. Brown, David (6 March 2021). «Search for Tommy Robinson's assets after EDL founder declares bankruptcy». The Times. s. 9. ISSN 0140-0460. Arkivert frå originalen 6. mars 2021. Henta 6. mars 2021. 
  3. «Tommy Robinson given stalking ban after threats to journalist». The Guardian. 19 March 2021. Arkivert frå originalen 19 March 2021. Henta 19 March 2021. 
  4. «Tommy Robinson 'threatened Independent journalist in bid to prevent publication of story'». The Independent. 19 March 2021. Arkivert frå originalen 19. mars 2021. Henta 19. mars 2021. 
  5. «Tommy Robinson handed 5-year stalking order after harassing journalist». Express & Star. 13. oktober 2021. Arkivert frå originalen 20. oktober 2021. Henta 13. oktober 2021. 
  6. «Kjemper for fengslet kontra-jihadist: - Vi er i geriljakrig». VG. 22. juli 2018. Henta 16. juli 2019. 
  7. «Fra høyreekstremist til helt». Dagbladet. 7. august 2018. Henta 16. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Tommy Robinson
Spire Denne biografiartikkelen som har med politikk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.