Tollef Olsen Lund
Utsjånad
Tollef Olsen Lund | |||
Fødd | 1808 Rakkestad kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 1. oktober 1885 (76 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Far | Ole Korfitssen Lund | ||
Alle verv |
|
Tollef Olsen Lund (7. august 1808–1. oktober 1885) var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Rakkestad i Østfold. Ole Korfitssen Lund var far hans.
Lund tok over farsgarden i Rakkestad, og dreiv denne i lang tid. Han var medlem av heradsstyret 1844-73 og ordførar i åtte år. Lund var også forlikskommissær.
Tollef Olsen Lund sat på Stortinget i periodane frå 1854, 1863, 1864 og 1871-79 for Smaalenenes amt. I 1854 var han medlem av desisjonskomiteen. Han var 1. varamann til Stortinget 1862-63 og møtte frå 21. mars 1863 og på omframstortinget året etter. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen både i 1863 og heile perioden 1871-89. 1874-79 var han i tillegg medlem av Lagtinget.
Lund døydde på garden sin i Rakkestad i 1885.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Tollef Olsen Lund NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1808
- Døde i 1885
- Stortingsrepresentantar 1854-1856
- Stortingsrepresentantar 1862-1864
- Stortingsrepresentantar 1871-1873
- Stortingsrepresentantar 1874-1876
- Stortingsrepresentantar 1877-1879
- Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt
- Ordførarar i Rakkestad
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Rakkestad