Theodor Hänsch
Theodor Wolfgang Hänsch (fødd 30. oktober 1941) er ein tysk fysikar som er tildelt Nobelprisen i fysikk for 2005.
Hänsch er fødd i Heidelberg i Tyskland, der han tok doktorgrada i fysikk. Frå 1972 til 1986 var han tilsett ved Stanford-universitetet i California. Deretter vende han tilbake til Tyskland for å leia Max Planck-instituttet for kvanteoptikk, ei stilling han framleis har. Han er òg tilsett som professor for eksperimentell fysikk og laser-spektrografi ved Ludwig-Maximilians-universitetet i München.
Hänsch blei heidra med Gottfried Wilhelm Leibniz-prisen, den høgast hengande tyske vitskapsprisen, i 1989. I 2005 fekk han Otto Hahn-prisen, og same året delte han halve Nobelprisen i fysikk med John L. Hall, medan Roy Glauber fekk den andre halvparten.
Ein student av Hänsch, Carl E. Wieman, vann prisen i 2001.
- Einskildmenn
- Fødde i 1941
- Nobelprisen i fysikk
- Tyske fysikarar
- Tyske nobelprisvinnarar
- Fysikarar på 1900-talet
- Fysikarar på 2000-talet
- Eksperimentelle fysikarar
- Optiske fysikarar
- Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet
- Leibniz-prisen
- Elevar ved Ludwig Maximilian Universitet i München
- Elevar ved Universitetet i Heidelberg
- Folk frå Heidelberg
- Medlemmar av Leopoldina
- Order of Merit
- Medlemmar av United States National Academy of Sciences
- Comstock-prisen i fysikk
- Bayerischer Maximiliansorden für Wissenschaft und Kunst