Hopp til innhald

Tajmyrbukta

Koordinatar: 75°52′N 99°46′E / 75.867°N 99.767°E / 75.867; 99.767
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tajmyrskaja guba)
Tajmyrbukta
bukt
Land  Russland
Del av Karahavet
Kart
Tajmyrbukta
76°12′45″N 99°25′29″E / 76.2125°N 99.424722°E / 76.2125; 99.424722

Tajmurbukta (russisk Таймырская губа eller Tajmyrskaja Guba) er ei bukt i Karahavet i Krasnojarsk kraj i Russland som inneheld estuaret til elva Tajmur. Estuaret har opning nordover frå vestkysten av Tajmyrhalvøya mot Karahavet. Breidda varierer frå om lag 4 km til 20 km. Lengda er om lag 50 km.

Tajmyrøya ligg om lag 60 km nord for munningen av bukta.

Klimaet i området er særs hardt med lange, barske vintrar og mange vinterstormar. Estuaret er islagd ni månader av året og sjølv om sommaren finn ein mykje is i bukta. Fisk som arktisk røye og muksun er vanlege i bukta.

Dei viktigaste øyane i Tajmurbukta (Острова Таймырской губы) er

I 1740-åra, under Den store nordlege ekspedisjonen, kom Nikifor Fomin til Bera og bygde ei hytte for å overvintre her.

Tajmurbukta og øyane her vart utforska av Alexander von Middendorff under ekspedisjonen hans til Sibir (1842–1845). Bera var det nordlegaste han kom under ekspedisjonen då han utforska Tajmurelva frå sør i august 1843.

Baron Eduard von Toll utforska munningen av Tajmurbukta under den siste ekspedisjonen hans i 1900-1903. Toll fann ein kampestein av kvarts som Middendorff hadde skildra. Han fann òg restane av hytta til Nikifor Fomin.

I dag er Tajmurbukta ein del av Det store arktiske nasjonale naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.