Stig Pettersson
Stig Pettersson | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 26. mars 1935 (89 år) Österåkers församling, Stockholms stift |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1964 |
Stig Pettersson (fødd 26. mars 1935), jamnast omtala Stickan Pettersson, er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar som tilhøyrde verdseliten i høgdehopp i tida 1956-64. Han vann EM-sølv 1958 i øvinga og EM-bronse i 1962, i 1961 og 1963 vart han nordisk meister.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]År 1956 vann Pettersson den svenske meisterskapen i høgdehopp med eit hopp på 2,01 m. Dei neste seks åra forsvarte han SM-tittelen i øvinga med resultata 2,04, 2,04, 2,01, 2,04, 2,10, 2,10. I 1964 hoppa han 2,14 m i den svenske meisterskapen og vann gullmedaljen for niande gong.
Pettersson fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i Sommar-OL 1956 der han vart fjerdemann med 2,06 m. Ved EM 1958 i Stockholm tok han bronsemedaljen med 2,10 m. Den 7. august 1960 slo Stickan Pettersson den svenske høgdehopprekorden til Richard Dahl på 2,12 m. Under eit stemne i Charlottenberg hoppa han då 2,13 m. Vel tre veker etter rekordhoppet vart han femtemann i OL-finalen i Roma med eit hopp på 2,09 m. I byrjinga av august 1961 vart Pettersson nordisk meister i Oslo med 2,11 m, helga etter forbetra han i Skövde den nordiske høgderekorden til 2,15 m.
23. august 1962 sette Pettersson i Stockholm sin siste landsrekord med di han svinga seg over 2,16 meter, ein rekord som Bo Jonsson sletta i 1968. I europameisterskapen i Beograd tre veker etter rekordhoppet vann Pettersson sølvmedaljen med 2,13 m. Sommaren 1963 forsvarte Pettersson den nordiske meistertittelen i høgdehopp, som sist med 2,11 m. Hausten 1964 deltok han i Sommar-OL for tredje gong, og vart nummer fire med 2,14 m. I den tredje og siste nordiske friidrettsmeisterskapen enda Pettersson i Helsinki år 1965 på tredjeplass med 2,08 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1956 i Melbourne: Nr 4 – 2,06 m
- EM 1958 i Stockholm: Bronsemedalje – 2,10 m
- OL 1960 i Roma: Nr 5 – 2,09 m
- NoM 1961: Gullmedalje – 2,11 m, framom Richard Dahl (2,01 m)
- EM 1962 i Beograd: Sølvmedalje – 2,13 m, bakom Valerij Brumel (2,21 m)
- NoM 1963: Gullmedalje – 2,11 m, framom Kjell Åke Nilsson (2,08 m)
- OL 1964 i Tokyo: Nr 4 – 2,14 m
- NoM 1965: Bronsemedalje – 2,08 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stig Pettersson» frå Wikipedia på svensk, den 14. august 2019.