Sri Lanka
ශ්රී ලංකා ප්රජාතාන්ත්රික සමාජවාදී ජනරජය (Singalesisk Sri Lankā Prajathanthrika Samajavadi Janarajaya) இலங்கை ஜனநாயக சோசலிசக் குடியரசு (Tamil, Ilaṅkai saṉanāyaka sōsalisk kuṭiyarasu) (norsk: Sri Lanka, srilankisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Sri Lanka Matha» | ||||||
Offisielle språk | Singalesisk og tamil | ||||||
Hovudstad | Colombo[a] | ||||||
Styresett |
Demokratisk sosialistisk republikk Maithripala Sirisena Ranil Wickremesinghe | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
65 610 km² (121.) 1,3 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
22 409 381 (56.) 341,6 /km² (26.) | ||||||
Sjølvstende Frå Storbritannia |
4. februar 1948 | ||||||
Nasjonaldag | 4. februar | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
232 500 mill. USD (60.) 11 300 USD (106.) | ||||||
Valuta | Srilankisk rupi | ||||||
Tidssone | UTC +6 | ||||||
Telefonkode | +94 | ||||||
Toppnivådomene | .lk
|
Den demokratiske sosialistiske republikken Sri Lanka er ein tropisk øy-republikk i Asia søraust for India. Nasjonaldagen er 4. februar, dagen då landet vart sjølvstendig frå Storbritannia i 1948.
Sri Lanka har to store folkegrupper, singalesarar og tamilar, som i over tjue år har vore involverte i ein borgarkrig mot kvarandre. Singalesarane held regjeringsmakta i landet, medan opprørsgruppa dei tamilske tigrane kontrollerer nordlege delar av øya.
Det høgste fjellet heiter Pidurutalagala.
Øya har i tidlegare tider vore kjend som Lanka, Lankadvipa, Taprobane, Serendib og Selan. Ho var kjend som Ceylon i kolonitida og fram til landet bytta namn i 1972,
To av dei viktigaste eksportvarene frå Sri Lanka er kaffi og te. Ceylonte er framleis ein velkjend tetype.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Sri Lanka har eit tropisk regnklima. Fjelltoppen Nuwara Eilya på midten av øya fører til at øya får store nedbørsmengder året rundt. Hausten er den våtaste perioden av året, men det kjem òg ein god del nedbør i april-mai når monsunen er på veg nordover. Midt på vinteren kjem det regn om lag kvar tredje dag i Colombo, som har ein årleg nedbørsnormal på 2345 mm. Dei lågareliggande områda i nord er mindre våte, og får lite nedbør om sommaren. Alle områda av øya får likevel minst 1000 mm kvart år.