Speckle-interferometri
Utsjånad
Speckle-interferometri er ein teknikk der ein prøver å fjerne effekten av atmosfærisk turbulens (scintillasjon) på avbildinga til eit teleskop. Dette oppnår ein ved databehandling av ei mengde korteksponerte fotografi tekne av objektet i rask rekkefølgje. Teknikken har mellom anna vore nytta for studium av dobbeltstjerner, superkjemper og små områdw av soloverflata, og til å avgjere stjernediametrar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Speckle Interferometri», Store norske leksikon, 15. februar 2009, henta 13. august 2014