Snøhetta AS
Utsjånad
Snøhetta AS er eit internasjonalt arkitekt-, landskapsarkitektur- og interiørdesignfirma i Oslo. Firmaet vart starta i 1989 av Craig Dykers og Kjetil Thorsen. Namnet Snøhetta skal kome frå det første kontoret deira, som låg i loftsetasjen til Dovrehallen i Storgata i Oslo.
Blant oppdraga dei har hatt er:
- Hamar rådhus
- Det nye Biblioteket i Alexandria i Egypt
- Den norske ambassaden i Berlin
- Operahuset i Oslo i Bjørvika
- Petter Dass-museet i Alstahaug
- Turner Contemporary, eit museum i Kent i England
- Museumskomplekset der World Trade Center tidlegare låg i New York
- Bærum Kulturhus i Sandvika
- VM paviljongen i Oslo
Prisar
[endre | endre wikiteksten]- 2004 – Aga Khan-prisen for arkitektur
- 2008 – Houens fonds diplom for Biblioteket i Alexandria
- 2008 - Peer Gynt-prisen
- 2009 – EU-prisen for samtidsarkitektur (Mies van der Rohe-prisen)
- 2012 – Houens fonds diplom for Operahuset i Oslo
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Snøhetta sine nettsider Arkivert 2012-02-16 ved Wayback Machine.