Slidringen
«Slidringen» (i Hallingdal «Sylkjegulen») er ein springar spela i variantar i Hallingdal, Valdres, Numedal og Telemark, og Sunnfjord. Slåtten ser ut til å vera gamal i Buskerud og austre Telemark, og både Knut Lurås og Svein Leikanrud har kjend til han. Mykje tyder på at slåtten er so vidt gamal at det er vondt å føre han attende til ein særskild stad. Han har openberrt vore mykje nytta i Hallingdal og Sigdal. Det kan vera Knut Lurås som i si tid førte slåtten til Telemark.
Oppbygging og tonalitet
[endre | endre wikiteksten]Slåtten har nokre lett attkjennelege vendingar, og er ofte notert med tre forteikn, der andre slåttar på oppstilt bass har to. Sjølve tonaliteten på slåtten peikar mot at han har opphav langt attende. Veka har ei nokså grei oppbygging kring ein firetaktsperiode. Mykje av melodikken krinsar om A-strengen, og ein kan tenkje seg at slåtten opphavleg har vore ganske alderdommeleg i tonaliteten, utan noko tydeleg dur-senter.
Nemninga «Sylkjegulen» høyrer til fleire slåttar, og i Hordaland er namnet knytt til ein annan slåttekrins enn «Slidringen». Dette fører stundom til mistak.
Variantgruppe
[endre | endre wikiteksten]Hardingfeleverket har registrert slåttekrinsen under nr 521. Variant a høyrer til ein annan slåttekrins, med variantar mellom anna i Valdres. Variant d, h, j og k dannar ei eiga gruppe med sams opning og vendingar (Sigdal, Tuddal, Tinn og Rauland). Dei andre seks er variantar over den mest kjende utforminga av slåtten (Sunnfjord, Hallingdal og Valdres, med ein variant i Tinn etter Knut Lurås).
- b: Springar, etter Nils Furnes, Gaular i Sunnfjord [1][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal kring 1960. Furnes hadde slåtten etter Ola Nås frå Gaular. Siste veket i slåtten er eit typisk vandretak som finst i mange vestlandsspringarar.
- c: Søralåten, etter Bjørn Lofthus, Vinje [2][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 654).
- d: Sigdalsspringar, etter Helge Reistad, Sigdal [3][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1930 (Ø 162). Reistad hadde slåtten frå gamle spelemenn i Sigdal. Slåtten skil seg noko frå dei andre variantane ved å krinse meir om D som grunntone (dei andre krinsar om A).
- e: Slidringen, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre [4][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Slåtten er lært frå Ola Okshovd.
- f: Sylkjegulen, etter Tor Grimsgard, Nes [5][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1919 (Bjørndal nye slåttar 47).
- g: Sylkjegulen, etter Sevat Sataøen, Ål [6][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1963 (G 1435). Sataøen hadde slåtten etter Myreguten, Ola J. Myre frå Ål.
- h: Springar etter Olav Håkanes, etter Johannes Dale, Tinn [7][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1322). Ola Håkanes var ein spelemann frå Tinn (1823-1908). Har ein del sams med variant d, Sigdalsspringar.
- i: Luråsspringar, etter Johannes Dale, Tinn [8][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1344). Oppkalla etter spelemannen Knut Lurås. Denne forma har meir sams med variantane frå Hallingdal og Valdres.
- j: Leikanrudspringar, etter Olav Løndal, Tuddal Nedskrift Eivind Groven 1960 (G 1201). Namnet er etter spelemannen Svein Leikanrud frå Tinn, forfar til Olav Løndal. Knyter seg til Sigdalsspringaren.
- k: Løytnantsdrengen, etter Aslak Torjusson frå Rauland. Nedskrift Eivind Groven 1922 (G 690). Namnet er knytt til Pål Løytnantsdreng, spelemann frå Numedal.
- Anders S. Kjerland hadde ei form av slåtten etter spelemannen Nils Tjoflot frå Hardanger. Denne er ikkje utgjeven i Hardingfeleverket. Forma har moglegvis kome til Hardanger frå Valdres.