Slaget ved Almenar
Slaget ved Almenar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Spania | Habsburg Austerrike Storbritannia Dei sameinte Nederlanda | ||||||
Kommandantar | |||||||
Francisco de Villadarias | Guido Starhemberg Lord Stanhope | ||||||
Styrkar | |||||||
22 000[1] | 24 000[1] | ||||||
Tap | |||||||
1 000 døde 3 000 krigsfangar |
400 døde |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Slaget ved Almenar fann stad den 27. juli 1710 under den spanske arvefølgjekrigen, mellom soldatane til Filip V og erkehertug Karl av Austerrike. Armeen til Filip V vart slått og tvungen til å trekkje seg ut av Catalonia og samlast saman på ny på andre sida av Ebro.
Opptakt
[endre | endre wikiteksten]Våren 1710 hadde den spanske armeen gått inn i Catalonia frå Aragón og kryssa elva Segre den 15. mars. Den 3. mai slo Filip V, den bourbonske kandidaten til trona, seg saman med armeen.
Den motståande armeen, som bestod av austerrikske, britiske og nederlandske soldatar, fekk med seg erkehertug Karl av Austerrike, den habsburgske kandidaten, i juni.
I juli fekk general Guido Starhemberg forsterkingar og valde å gå til åtak. Han kryssa elva Noguera og sett opp stillingar i høgdene i Almenar.
Stanhope kryssa så Segre ved Balaguer (nord for Lerida) og marsjerte mot brua ved Alfarras, og kryssa denne den 27. juli.
Slaget
[endre | endre wikiteksten]Villadarias opna slaget med eit kavaleriåtak som først var ein suksess, men initiativet var bortkasta då dei forfølgde flyktande fiendar. Det britiske infanteriet gjekk så til åtak på venstreflanken, som flykta, og tok den andre linja i tillegg. Austerrikarane gjekk så til åtak og øydela høgreflanken, der Filip V risikerte livet sitt og nesten vart teken til fange av dei allierte.
Etterverknad
[endre | endre wikiteksten]Dei spanske soldatane måtte forlate Catalonia og trekkje seg attende til Aragón, der slaget ved Saragossa fann stad den 20. august.
Villadarias vart fjerna som kommandant og erstatta av marki de Bay.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Battle of Almenar» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lynn, John A. The Wars of Louis XIV, 1667–1714. Longman, (1999). ISBN 0-582-05629-2