Hopp til innhald

Skatestraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skatestraumen
sund
Land  Noreg
Kart
Skatestraumen
61°52′22″N 5°13′13″E / 61.872666666667°N 5.2202222222222°E / 61.872666666667; 5.2202222222222

Skatestraumen er sundet mellom Bremangerlandet og Rugsundøya i Bremanger kommune. Namnet vert og nytta synonymt med bygda som ligg på nordsida av sundet, frå Haukedalen i aust til Tongane på vestspissen av Rugsundøya. Bygda har vegsamband, Fylkesveg 616, over Rugsundøya gjennom Skatestraumtunnelen.

På sørsida av Skatestraumen ligg grendene Klubben og Hunskår. Skipsleia går gjennom Skatestraumen og gjer at det er jamnt er tett skipstrafikk her. Tidlegare hadde Skatestraumen dampskipssamband til Måløy i nord, og til Florø i sør-sørvest. Mellom 1973 og 1998[1] gjekk MS Opstad[2] i rute mellom Berle og Måløy, der Skatestraumen hadde to stopp, Skatestraumen (bygda på Rugsundøya) og Klubben.

Skatestraumen har sterkt tidvatn, av di sundet bind saman den vide og djupe Frøysjøen med Nordfjorden, og store vassmassar vert pressa gjennom det relativt tronge og grunne sundet. Den sterke straumen gjer Skatestraumen til ein god fiskeplass, noko den har vore attende til steinalderen. Dette er vist gjennom omfattande arkeologiske utgravingar[3][4] under arbeid med Bremangersambandet.

  1. Kleppa, Hermund. Fylkesbaatane - Stoppestaden Berle, Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  2. «Fylkesbaatane - Stoppestaden Berle», sffarkiv.no, arkivert frå originalen 2. april 2015 
  3. Knut Andreas Bergsvik - Skatestraumen - et sentrum i steinalderen?
  4. Funna i Skatestraumen, arkivert frå originalen 24. september 2015, henta 8. mars 2015 
  • Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960