Salsbruket
Utsjånad
64°47′54″N 11°51′42″E / 64.79833°N 11.86167°E
Salsbruket er ein busetnad i Nærøysund kommune i Trøndelag, ved botnen av Oppløyfjorden. Staden vart bygd opp omkring Tresliperiet i Salsbruket, som brann ned 1985.
Salsbruket har variert småindustri, mellom anna kalksteinsbrot og produksjon av utstyr til oppdrettsnæringa. Her er det kafé med overnatting. Staden har også ei rik lakseelv som renn ut der tresliperiet låg før. Fint turterreng og fleire fiskevatn.
Namnet kjem av Salen i Fosnes, der sagbruket fyrst låg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Salsbruket» i Store norske leksikon, snl.no.