Røvær
Utsjånad
Røvær | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nordsjøen |
Koordinatar | 59°26′17″N 05°05′17″E / 59.43806°N 5.08806°E
|
Høgaste punkt | 46 moh. |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Rogaland
|
Røvær er eit lite øysamfunn i Haugesund kommune i Rogaland utanfor sjølve Haugesund. Det er kring hundre fastbuande.
Røvær har ein skule for kring 20 elevar, ein nærbutikk, sommerkafe, bedhuskapell og hotell. Rutebåten Røværfjord har 5-9 daglege avgangar til Haugsund. Innbyggjarane på Røvær livnærer seg av fiske, havbruk og jordbruk. Den gode komunikasjonen til byen gjer det mogleg å dagpendla. Om sommaren har restauranten Sjøhuset ope, der det òg er mogleg å overnatta.
Under den andre verdskrigen var øya okkupert av tyskarane og det er framleis bunkersar att etter dei.