Polsk notasjon
Polsk notasjon er ein skrivemåte for aritmetiske og logiske uttrykk som ikkje krev bruk av parantesar eller ei bestemt rangfølgje for operatorane. Notasjonen vart utvikla av den polske matematikaren Jan Łukasiewicz.
Notasjonen finst i to variantar, prefiks- og suffiksnotasjon, den siste vert òg kalla omvendt polsk notasjon.
Døme
[endre | endre wikiteksten]Det aritmetiske uttrykket
vert i omvendt polsk notasjon skriven slik
Ved utrekninga går ein frå venstre mot høgre fram til ein møter ein operator (her +) som får virke på operandane som står føre (her a og b). Resultatet vert oppbevart, og utgjer ein av operandane for neste operator, som her er · og gjev multiplikasjonen av den oppbevarte summen med storleik c osv. Polsk notasjon er ein økonomisk måte å skrive og lagre uttrykk på, og overføring til polsk notasjon er ofte eit ledd i omsetjinga til kompilatorar av datamaskinprogram til maskinspråk. Mange lommekalkulatorar nyttar seg òg av polsk notasjon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- polsk notasjon. (2012-01-31) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/polsk_notasjon