Podporozje
Utsjånad
Podporozje Подпорожье | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Leningrad oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1936 1956 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
19 042 | |
Koordinatar | 60°55′N 34°10′E / 60.917°N 34.167°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 187780,187781 | |
Retningsnummer (tlf) | +7 81365 |
Podporozje (russisk Подпорожье) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 19 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Svir, 285 km nord-aust for St. Petersburg. Podporozje grensar til Onegasjøen og republikken Karelen, Vologda oblast og til dei to regionane Tikhvin og Lodejnoje Pole i Leningrad oblast.
Etter kommunereforma i Leningrad oblast i 2006 er Podporozje eigen kommune og er samstundes det administrative sentrumet i regionen med same namn. Regionen består av ytterlegare 4 mindre kommunar, med til saman om lag 14 000 innbyggjarar.
Podporozje vart grunnlagd i 1936 og fekk bystatus i 1956.
Podporozje er venskapskommune med Steigen i Nordland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Podporozje» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2009.