Hopp til innhald

Pieniny

Koordinatar: 49°25′N 20°24′E / 49.417°N 20.400°E / 49.417; 20.400
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Panorama av Pieniny sett frå Tre Kroner

Pieniny (tysk Pieninen) er ei fjellkjede i Polen og Slovakia.

Pieninyfjella er delt inn i tre delar – Pieniny Spiskie (slovakisk Spišské Pieniny) og Pieniny Właściwe (slovakisk Centrálne Pieniny) i Polen og Malé Pieniny (norsk Vesle Pieniny; polsk Małe Pieniny) i Slovakia. Pieninyfjella består hovudsakleg av kalkstein og dolomitt. Den mest kjende toppen er Trzy Korony (Tre kroner) på 982 moh. Den høgaste toppen i Pieniny er Wysoka (polsk) eller Vysoké Skalky (slovakisk) med ei høgd på 1050 meter over havet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

49°25′N 20°24′E / 49.417°N 20.400°E / 49.417; 20.400