Peter Gabriel (1978)
Peter Gabriel Studioalbum av Peter Gabriel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. juni 1978 | |
Innspelt | November 1977 til februar 1978 | |
Studio | Relight Studios i Hilvarenbeek i Nederland | |
Sjanger | Progressiv rock, kunstrock | |
Lengd | 41:29 | |
Selskap | Charisma (Storbritannia) Atlantic (Nord-Amerika) | |
Produsent | Robert Fripp | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
---|---|---|
Peter Gabriel (1977) |
Peter Gabriel | Peter Gabriel (1980)
|
Singlar frå Peter Gabriel | ||
|
Peter Gabriel er det andre soloalbumet til den engelske musikaren Peter Gabriel. Det kom ut i 1978. Albumet er det andre med same namn som artisten. Det vart produsert av gitaristen Robert Fripp, som påverka albumet med bruk av «frippertronics» på sporet «Exposure».
Albumet selde ikkje like bra som det første albumet hans, Peter Gabriel, men nådde tiandeplassen på albumlista i Storbritannia.[1] «Mother of Violence» vart skriven av Gabriel og den første kona Jill Gabriel.
I USA vart albumet kalla Peter Gabriel II. Albumet vert ofte kalla Scratch, som syner til plateomslaget av Hipgnosis. På strøymingstenester vert albumet kalla Peter Gabriel 2: Scratch.
Albumet var opphavleg meint som ein del av ein laust basert trilogi i lag med Robert Fripp sitt Exposure og Daryl Hall sitt Sacred Songs. Alle tre var produserte av Fripp.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Chicago Sun-Times | [3] |
Encyclopedia of Popular Music | [4] |
Entertainment Weekly | B+[5] |
Q | [6] |
Rolling Stone | [7] |
The Rolling Stone Album Guide | [8] |
The Village Voice | B−[9] |
I NME i 1978 skreiv Nick Kent: «Det uforskamma venstreorienterte belegget gjorde meg først kald, og det er først no at styrkane til albumet byrja å kome gjennom til meg ... når ein har kome seg forbi det avvæpnande ikkje-fokuserte belegget, er det eit stille, merkverdig talent i arbeid her - stille på det settet til den langsamt brennande lunta på 'Mother of Violence' der pianoarbeidet til Roy Bittan er lengre bak enn noko av det han gjorde for Bruce Springsteen eller David Bowie. Nærare rota av albumet, er det ein reinleik, ein styrke ved dei individuelle songane som er nok til å markere Gabriel som ein mann som nærmar seg sitt kunstnariske senit.»[10]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songane er skrivne av Peter Gabriel, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «On the Air» | 5:30 | |
2. | «D.I.Y.» | 2:37 | |
3. | «Mother of Violence» | Peter Gabriel, Jill Gabriel | 3:10 |
4. | «A Wonderful Day in a One-Way World» | 3:33 | |
5. | «White Shadow» | 5:14 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Indigo» | 3:30 | |
7. | «Animal Magic» | 3:26 | |
8. | «Exposure» | Peter Gabriel, Robert Fripp | 4:12 |
9. | «Flotsam and Jetsam» | 2:17 | |
10. | «Perspective» | 3:23 | |
11. | «Home Sweet Home» | 4:37 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Peter Gabriel – vokal; orgel på 11; piano på 2; synthesizer på 5, 7
- Tony Levin – bassgitar på 1, 5, 7, 8, 10, 11; Chapman stick på 2, 4, 9; kontrabass på 6; blokkfløytearrangement på 6, 9; korvokal på 1, 4, 7, 10, 11
- Sid McGinnis – elektrisk gitar på 1, 4, 8, 9, 10, 11; akustisk gitar på 2, 3; steelgitar på 3, 4, 5, 6, 9, 11; mandolin på 2; korvokal på 7
- Larry Fast – synthesizer og handsamingar på 1, 2, 5, 7, 10
- Robert Fripp – elektrisk gitar på 1, 3, 5, 10; akustisk gitar på 5; Frippertronics på 8
- Bayete – klaverinstrument på 2, 4, 6, 7
- Roy Bittan – klaverinstrument på 1, 3, 5, 6, 10, 11
- Jerry Marotta – trommer på alle utanom 3; korvokal på 1, 4, 10, 11
- Tim Capello – saksofon på 10, 11
- George Marge – blokkfløyter på 6, 8, 9
- John Tims – insekt på 3
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1978) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[11] | 50 |
UK Albums Chart[1] | 10 |
US Billboard Pop Albums[12] | 45 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Peter Gabriel (1978 album)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2012 og 15. mars 2020 kjelder=.
- ↑ 1,0 1,1 «UK Top 40 Hit Database». Henta 25. oktober 2012.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Peter Gabriel – Peter Gabriel». AllMusic. Henta 15. mars 2020.
- ↑ DeRogatis, Jim (4. juli 1993). «A Solo Diskografi». Chicago Sun-Times. Arkivert frå originalen 19. november 2018. Henta 14. mars 2020.
- ↑ Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8.
- ↑ Brunner, Rob (12. juli 2002). «Peter Gabriel: Peter Gabriel 2». Entertainment Weekly: 84–85.
- ↑ «Peter Gabriel: Peter Gabriel 2». Q (191): 137. June 2002.
- ↑ Marsh, Dave (7. september 1978). «Peter Gabriel (2)». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 16. januar 2017. Henta 23. februar 2020.
- ↑ Considine, J. D. (2004). «Peter Gabriel». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 319–20. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Christgau, Robert (4. september 1978). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 29. april 2013.
- ↑ Nick Kent: «Gabriel: The Image Gets a Tweak». NME. 10. juni 1978
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 120. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «allmusic (((Peter Gabriel > Charts & Awards > Billboard Albums)))». Henta 15. mars 2020.