Peter Angerer
Peter Angerer | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 14. juli 1959 (65 år) Siegsdorf |
Yrke | skiskyttar |
Språk | tysk |
Høgd | 178 centimeter |
Peter Angerer på Commons |
Peter Angerer (fødd 14. juli 1959) er ein tysk, tidlegare skiskyttar frå Siegsdorf i Bayern, som vart olympisk meister på 20 km under OL 1984 i Sarajevo. I perioden 1980-88 fekk han i alt ti medaljar i ulike vinter-OL og verdsmeisterskap i skiskyting, seks av medaljane kom i stafett-øvinga med det vesttyske laget.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Angerer fekk under OL 1980 i Lake Placid representere Vest-Tyskland i 4x7,5 km stafett, eit lag som kom på bronseplass. Fire år seinare tok han og Vest-Tyskland ein ny bronse på stafett, før han i OL 1988 i Calgary sikra sølv på stafetten. Han tok eit VM-sølv i stafett i 1981, og bronsemedaljar i skiskytings-VM 1985 og 1987.
Individuelt tok Angerer sine fyrste internasjonale medaljar under VM 1983 i Antholz i Italia. Han tok bronsemedaljen på 20 km, og fylgde opp med å ta sølvmedaljen på 10 km, der norske Eirik Kvalfoss vart verdsmeister med stor margin. Under dei olympiske leikane i Sarajevo i 1984 vann Angerer ein suveren siger på 20 km etter eit sterkt langrenn og god skyting. På 10-kilometeren under olympiaden kopierte han prestasjonen frå VM året før, nok ein gong måtte han sjå seg slått av Eirik Kvalfoss.
Angerer vann verdscupen i skiskyting i 1983, og vart nummer to både i 1984-sesongen og 1986. Han vann minst fem renn i verdscupen.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Etter VM i skiskyting 1986 fekk Angerer påvist stoffet methyltestosteron. Dermed vart han utestengd frå å delta i idrettstevlingar fram til 31. januar 1987.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Nr 8 på 10 km, bronsemedalje i stafett
- VM i skiskyting 1981 i Lahti: Sølvmedalje i stafett, nr 6 på 10 km
- VM i skiskyting 1982 i Minsk: Nr 4 i stafett
- VM i skiskyting 1983 i Antholz: Sølvmedalje på 10 km og bronsemedalje på 20 km
- Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Gullmedalje på 20 km, sølvmedalje på 10 km og bronsemedalje i stafett
- VM i skiskyting 1985 i Ruhpolding: Nr 8 på 10 km, bronsemedalje i stafett
- VM i skiskyting 1986 i Oslo: Bronsemedalje i stafett
- VM i skiskyting 1987 i Lake Placid: Nr 7 på 20 km og bronsemedalje i stafett
- Vinter-OL 1988 i Calgary: Sølvmedalje i stafett, nr 10 på både 20 km og 10 km
I dag driv Angerer ein langrennsskule i Ruhpolding.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Einskildmenn
- Fødde i 1959
- Tyske skiskyttarar
- Vesttyske skiskyttarar
- Olympiske meistrar for Vest-Tyskland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Vest-Tyskland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Vest-Tyskland
- Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1980
- Skiskyttarar under vinter-OL 1980
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1984
- Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1984
- Skiskyttarar under vinter-OL 1984
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1988
- Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1988
- Skiskyttarar under vinter-OL 1988