Hopp til innhald

Petsjengafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pechengabukta)

Petsjengafjorden, Petsjengabukta eller Petsamfjorden (russisk: Губа Печенга (Guba Pechenga) er ein fjordKolahalvøya i Barentshavet. Han høyrer til Murmansk oblast i Russland. Fjorden er 17 km lang og 1-2 km brei, og ligg om lag 25 km frå grensa til Noreg.

Petsjengaelva munnar ut inst i fjorden. Her ligg òg byen Petsjenga. På vestsida, halvvegs inn i fjorden, ligg Liinakhamari (finsk: Liinahammari), som var den einaste isfrie hamna i Finland i tida 1920-1944, då Petsjengaområdet var finsk territorium.