Hopp til innhald

Operativsystemet Haiku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Operativsystemet Haiku


Utviklar(ar)Haiku Inc., Michael Phipps
Utgjeve2002
Nyaste versjonR1/beta5 (13. september 2024)[1]
Plattformx86, x86_64
Skrevet iC++
Bygger påBeOS
LisensMIT-lisensen
Nettstadhttps://www.haiku-os.org

Haiku er eit fritt operativsystem.

Målet med Haiku er å skapa ein klon av operativsystemet BeOS. Haiku vil vera både binærkompatibelt og kjeldekodekompatibelt med BeOS. Dette vil seie at program kompilert for BeOS vil kunna køyre på Haiku i tillegg til at BeOS-program skal kunna kompilerast på Haiku utan endringar. Bakgrunnen for denne kompatibiliteten er å sikre eit så stort programvarebibliotek som mogeleg for Haiku.

Prosjektet vart oppretta i 2001 etter at Be stansa all utvikling av BeOS og selde all kjeldekode og rettar til Palm.

Haiku heitte tidlegare OpenBeOS, men bytte namn i 2004. Namnebytet kom for å unngå søksmål frå Palm, som eig retten til varemerket BeOS. Det noverande namnet kjem frå den japanske poesiforma haiku. Namnet vart valt etter ei avrøysting; noko av bakgrunnen for namnevalet var at nettlesaren til BeOS presenterte feilmeldingar som haikudikt.

  1. «Haiku R1/beta5 has been released!» (på engelsk). 13. september 2024. Henta 13. september 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Operativsystemet Haiku