Hopp til innhald

Olga A. Zajtseva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om skiskyttaren. For friidrettsutøvaren Olga Zajtseva, sjå Olga I. Zajtseva.
Olga A. Zajtseva


Statsborgarskap Russland
Fødd 16. mai 1978 (46 år)
Moskva
Idrett skiskyting
Tok del i Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2002, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Fellesstart kvinner, biathlon at the 2006 Winter Olympics – women's relay, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett kvinner
Utmerkingar Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Venskapsordenen
Olga Zajtseva. 13 mars 2010, Kontiolahti.

Olga Aleksejevna Zajtseva[a] (fødd 16. mai 1978 i Moskva) er ein russisk skiskyttar. Ho er olympisk meister på stafett frå OL i Torino i 2006.

Zajtseva voks opp i Moskva der ho tidleg begynte med langrenn. Ved ei tilfeldigheit fekk ho prøva skiskyting, og gjekk i 1994 fullstendig over til denne idretten. Etter gode resultat som junior og i europacupen fekk ho prøva seg i verdscupen for første gong i 2001/02-sesongen, og klarde å koma på laget til OL i Salt Lake City, der ho fekk gå ein distanse, 15 kilometer. 2002/03-sesongen begynte bra, då Zajtseva vann sitt første verdscuprenn i første sprinten for sesongen, i Östersund. Seinare har ho vist jamn framgang. I VM i 2005 i Hochfilzen vann ho sine første medaljar i store meisterskap med gull på stafetten, sølv på sprinten og bronse på jaktstart. I OL i Torino i 2006 var ho med på det russiske stafettlaget som vann gull.

Ho bur i Moskva, der ho jobbar i det føderale anti-narkotikabyrået, med kapteins grad. Ho er interessert i musikk, særskilt russisk rock og Rammstein.

Kortfatta merittliste

[endre | endre wikiteksten]

(per 28. februar 2006)

  • Verdscup samanlagt:
    • 4. plass (2004/05)
  • Verdsmeisterskap:
    • 1 gull, 2 sølv, 1 bronse (beste indivuduelle: sølv på sprinten, 2005)
  • Olympiske leikar:
    • 1 gull (beste individuelle: 9. plass, sprinten 2006)
  • Verdscuprenn:
    • 6 gull, 6 sølv, 5 bronse
  1. Russisk skrift Ольга Алексеевна Зайцева

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]