Nesøya i Nordland
Utsjånad
(Omdirigert frå Nordnesøy)
Nesøy | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Helgeland |
Koordinatar | 66°34′45″N 12°38′32″E / 66.57917°N 12.64222°E
|
Areal | 14,5 km²
|
Høgaste punkt | Nordfjellet (254 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Demografi | |
Folketal | 143 (2001) |
Folketettleik | 9,9 /km² |
Nesøy er ei øy i kommunene Lurøy og Rødøy i Nordland. Polarsirkelen kryssar den sørlege delen av øya. Øya har eit areal på 14,5 km² og om lag 110 innbyggjarar (2015). Delen av øya som ligg i Rødøy kommune vert kalla Nordnesøy, og delen i Lurøy kommune vert kalla Sørnesøy. Øya har dagligvarehandel med drivstoff, fiskemottak, hurtigbåt og ferjekommunikasjon. Landpostbud.
Nesøyfjorden ligg på austsida av øya med Hestmannøy på andre sida. I vest ligg Trænfjorden med Træna lenger vest.
Postadressa til alle på Nesøya er 8198 NORDNESØY.
Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.