Narkotika
Narkotika[a] er eit juridisk fellesnamn for illegale rusmiddel, også kjent som ulovlege rusmiddel. Det vert definert som ulovlege, rusgivande substansar.[3] Kva rusmiddel som vert kategoriserte under narkotikaomgrepet og om desse kan gi straffereaksjonar ved bruk og besittelse varierer mellom land.[4][5]
Ettersom «narkotika» er ei fellesnemning for alle illegale rusmiddel, omfattar omgrepet middel med svært ulik farmakologisk verknad. Rusmiddel kan delast inn i underkategoriane euforiserande, døyvande, sentralstimulerande og psykedeliske middel.
Aukande og skadeleg bruk av rusmiddel frå siste halvdel av 1800-talet førte til at det på byrjinga av 1900-talet vart innført ei narkotikalovgiving – forbod og straff mot rekreasjonell rusmiddelbruk, altså berre medisinsk bruk skulle vera tillate. Dei første rusmidla som vart kriminaliserte var opiat og kokain,[6] forbodet vart seinare utvida til dei fleste rusmiddel med unntak av koffein, nikotin og etanol (alkohol).[b]
Ei liberalisering av rusmiddelpolitikken byrja mot slutten av 1900-talet og er pågåande på 2000-talet. Dei mest omtalte døma er Nederland som avkriminaliserte cannabis i 1976,[10] og Portugal som i 2001 vart det første europeiske landet til å avkriminalisera bruk og innehaving av alle rusmiddel, og dessutan gi tilbod om helsebehandling til personar med rusmiddelavhengnad utan å gi dei straffereaksjonar.[11][12]
Etymologi og omgrepsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Omgrepet stammar frå det greske ordet narkotikos, som betyr «døsande» eller «bedøvande».[13] Ordet vart opphavleg brukt om middel som kan gi narkosis, «djup søvn». I medisinsk betydning vart narkotika først brukt om opium; tørka plantesaft frå opiumsvalmuen (Papaver somniferum).[3]
Aukande og skadeleg bruk av opiat[c] frå siste halvdel av 1800-talet førte til motreaksjonar i fleire land; berre medisinsk bruk skulle vera tillate. Frå byrjinga av 1900-talet vart det innført ei narkotikalovgiving i ei rekkje land. Kokain vart inkludert i narkotikalovgivinga då det til liks med opiat hadde vorte eit aukande problem. Kokain er eit sentralstimulerande middel framstilt frå kokaplanten (Erythroxylon coca);[14] det minskar trøyttleik, og gjev ei kortvarig kjensle av energi og glede.[15] Seinare vart også bruk av andre rusmiddel, mellom anna cannabis, omfatta av lovgivinga.[3]
Omgrepet narkotika utvikla seg frå å vera ei nemning om middel med ein bestemd verknad til å definera alle forbodne rusmiddel.[16][3] Den utvida betydninga gjer at omgrepet no omfattar middel med svært ulik verknad og er rekna som upresist frå eit farmakologisk synspunkt.[4][17]
Lovgiving i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Kva for nokre rusmiddel som er illegale i Noreg vert regulerte gjennom Narkotikalista til Legemiddelverket.[18] Denne lista omfattar tradisjonelle rusmiddel, men inneheld også ei rekkje rusgivande legemiddel.[5] Desse legemidla er lovlege dersom dei vert tekne i medisinsk intensjon, som anbefalt av lege, og vert ikkje då rekna som narkotika – legemidla vert derimot ulovlege og vert rekna som narkotika dersom dei ikkje vert tekne i medisinsk intensjon slik anbefalt av lege.[3]
Noreg fekk sitt første forbod mot rusmiddel i 1913 då Stortinget vedtok opiumslova; lova mot inn- og utførsel av opium. Den hadde liten praktisk betydning ettersom både opiat og kokain allereie var underlagt reseptplikt i Noreg. Lova vart rekna som eit uttrykk for internasjonal solidaritet med Haagkonvensjonen frå 1912, og innehalde inga straffeføresegn.[6]
Rusreforma 2021
[endre | endre wikiteksten]Rusreforma er ei reform som vart lagd fram av Solberg si regjering den 19. februar 2021.[19] Reformforslaget innebar at bruk og innehaving av mindre mengder narkotika til eige bruk ikkje lenger skulle vera straffbart. Sal av narkotika skulle derimot framleis vera straffbart, altså berre ei avkriminalisering av mindre mengder narkotika til eige bruk.[20] Eit mindretal på Stortinget (43,8 %) stemde for rusreforma, og eit fleirtal (56,2 %) stemde imot. Forslaget gjekk dermed ikkje gjennom.[21]
Sjølv om fleirtalet ikkje gjekk inn for ei generell avkriminalisering av omgang med mindre mengder narkotika til eige bruk, var det derimot tverrpolitisk semje om at det er lite formålstenleg å straffa tungt rusmiddelavhengige for slike regelbrot. Riksadvokaten i Noreg, Jørn Sigurd Maurud, skreiv i samband med dette våren 2022 nye retningslinjer for behandling av saker som gjeld rusmiddelavhengige hopehavet sitt med narkotika til eige bruk. Det har vorte beskrive som ein «de facto avkriminalisering» av Høgre-politikar Sveinung Stensland.[22]
Støtte for avkriminalisering
[endre | endre wikiteksten]Politisk parti | Stemme |
---|---|
Raudt (R) | Ja |
Sosialistisk Venstreparti (SV) | Ja |
Arbeidarpartiet (Ap) | Delvis |
Senterpartiet (SP) | Delvis |
Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) | Ja |
Pasientfokus | Nei |
Kristeleg Folkeparti (KrF) | Delvis |
Venstre (V) | Ja |
Høgre (H) | Ja |
Framstegspartiet (FrP) | Nei |
Berre avkriminalisering for tungt rusmiddelavhengige
Nokre rusmiddel rekna som narkotika i Noreg
[endre | endre wikiteksten]- Amfetamin («speed», «pepper» eller «makka»)
- Benzodiazepiner (diazepam, oksazepam og nitrazepam)
- Cannabis (hasj og marihuana: «gress»)
- DMT
- GHB
- Heroin («minus»)
- Ketamin
- Khat
- Kokain («cola» eller «snø»)
- LSD («syre»)
- Meskalin
- Metamfetamin («meth» eller «ice»)
- Metylfenidat (ritalin og concerta)
- MDMA (molly og ecstasy: «knips»)
- Morfin
- Psilocybin (fleinsopp: «magisk sopp»)
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Narkotika er fleirtalsform; narkotikum er eintalsform. Orda er av gresk opphav.
- ↑ Det vart innført eit kortvarig forbod mot alkohol i fleire nasjonar i 1910- og 1920-åra.[7] Brennevinsforbodet i Noreg varte frå 1916 til 1927. Det vart oppheva etter ei folkeavstemming året før.[8][9]
- ↑ Opiat er kjemisk nærskylde samband (opioid) som finst i eller er syntetisert frå morfinliknande plantealkaloid i opiumsvalmuen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Norsk Helseinformatikk 2022.
- ↑ Statistisk sentralbyrå 2024.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Waal 2022.
- ↑ 4,0 4,1 Westin et al. 2011.
- ↑ 5,0 5,1 Folkehelseinstituttet 2018.
- ↑ 6,0 6,1 Skretting, Amundsen & Bilgrei 2022.
- ↑ Braut 2018.
- ↑ Tvedt 2022.
- ↑ Myrvang 2015.
- ↑ Tonry 2015.
- ↑ Hughes & Stevens 2007.
- ↑ Greenwald 2009.
- ↑ Kikkut 2017.
- ↑ Rogers 1998.
- ↑ Rusopplysningen 2020.
- ↑ Amundsen et al. 2018.
- ↑ Ljone 2012.
- ↑ Helsenorge 2020.
- ↑ Helse- og omsorgsdepartementet 2021.
- ↑ Regjeringen 2021.
- ↑ Bahus 2022.
- ↑ Kaupang, Lydersen & Jarstad 2022.
Kjeldeliste
[endre | endre wikiteksten]- Amundsen, Ellen J.; Bilgrei, Ola Røed; Bretteville-Jensen, Anne Line; Burdzovic, Jasmina; Edland-Gryt, Marit; Gjersing, Linn; Sandøy, Thomas A.; Skretting, Astrid (18. september 2018). Kvaavik, Elisabeth, red. «Om innholdet i Narkotika i Norge». Folkehelseinstituttet (på norsk). Henta 21. oktober 2022.
- Bahus, Marianne K. (22. september 2022). «Rusreformen». Store norske leksikon (på norsk). Henta 21. oktober 2022.
- Braut, Geir Sverre (29. juni 2018). «forbudssaken». Store norske leksikon (på norsk). Henta 7. november 2022.
- Folkehelseinstituttet (18. september 2018). «Hva er narkotika?» (på norsk). Henta 20. oktober 2022.
- Greenwald, Glenn (april 2009). «Drug Decriminalization in Portugal: Lessons for Creating Fair and Successful Drug Policies» (PDF) (på engelsk). Cato Institute. Henta 21. oktober 2022.
- Helsenorge.no (3. mars 2020). «Rus og avhengighet» (på norsk). Henta 20. oktober 2022.
- Helse- og omsorgsdepartementet (19. februar 2021). «Prop. 92 L (2020–2021)». Regjeringen.no (på norsk). Henta 19. mars 2021.
- Helse- og omsorgsdepartementet (19. februar 2021). «Hjelp, ikke straff mot narkotikabruk». Regjeringen.no (på norsk). Henta 19. mars 2021.
- Hughes, Caitlin Elizabeth; Stevens, Alex (desember 2007). «The effects of the decriminalization of drug use in Portugal» (PDF). kar.kent.ac.uk (på engelsk). Henta 21. oktober 2022.
- «Ikke uvanlig å ha prøvd cannabis». Statistisk sentralbyrå (på norsk). 17. november 2023. Henta 17. november 2023. «Cannabis, som inkluderer hasj og marihuana, er et illegalt rusmiddel som vanligvis røykes, men som også kan benyttes i blant annet te eller bakverk. Det er 28 prosent i alderen 16–64 år som oppgir at de noen gang har prøvd cannabis, 33 prosent menn og 22 prosent kvinner.»
- Ljone, Fredrik (13. april 2012). «Narkotika». Jusleksikon.no (på norsk). Arkivert frå originalen 18. januar 2022. Henta 21. oktober 2022.
- Myrvang, Christine (25. november 2015). «Forbudet mot brennevin i Norge». Norgeshistorie (på norsk). Institutt for arkeologi konservering og historie (IAKH) ved Universitetet i Oslo. Henta 2. november 2022.
- Norsk Helseinformatikk (NHI) (28. juli 2022). «Cannabis, hasjisj, marihuana» (på norsk). Henta 23. oktober 2022.
- Rogers, Kara (20. juli 1998). «coca | plant». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 21. oktober 2022.
- Rusopplysningen. «Kokain». Foreningen Tryggere Ruspolitikk. Henta 21. oktober 2022.
- Kaupang, Mathilde Moe; Lydersen, Trond; Jarstad, Lena (22. mai 2022). «Politikerne stemte ned rusreformen – nå letter Høyesterett på narkoreglene». NRK (på norsk). Henta 10. november 2022.
- Kikkut, Terje. «Hva er narkotika?». Rusinfo (på norsk). Velferdsetaten i Oslo kommune. Henta 20. oktober 2022.
- Skretting, Astrid; Amundsen, Ellen J.; Bilgrei, Ola Røed (27. januar 2022). «Historisk oversikt over narkotika i Norge 1912–2021». Folkehelseinstituttet (på norsk). Henta 21. oktober 2022.
- Tonry, Michael (22. september 2015). Crime and Justice, Volume 44: A Review of Research. (på engelsk). University of Chicago Press. s. 261. ISBN 978-0-226-34102-6. OCLC 1289855152.
- Tvedt, Knut Are (10. mai 2022). «Brennevinsforbudet». Store norske leksikon (på norsk). Henta 23. oktober 2022.
- Waal, Helge (6. januar 2022). «narkotika». I Bretteville-Jensen, Anne Line. Store norske leksikon (på norsk). Henta 20. oktober 2022.
- Westin, Andreas Austgulen; Strøm, Elin Johanne Hansteen; Rygnestad, Tarjei; Slørdal, Lars (23. august 2011). «Hva er egentlig narkotika?». Tidsskrift for Den norske legeforening (på norsk bokmål). ISSN 0029-2001. doi:10.4045/tidsskr.11.0612. Henta 20. oktober 2022.
- «14448: Bruk av alkohol, cannabis og vanedannende legemidler (16–79 år), etter kjønn og alder 2018–2024.». Statistikkbanken (på norsk). Statistisk sentralbyrå. 18. november 2024. Henta 21. november 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Narkotika» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2022.