Mitre Peak på New Zealand
Utsjånad
- For fjellet med same namn i Pakistan, sjå Mitre Peak i Pakistan.
Mitre Peak Rahotu | |||
fjell | |||
Mitre Peak i Milford Sound
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Søralpane | ||
Høgd | 1 692 moh. | ||
Førstestiging | J.R. Dennistoun, 13. mars 1911[1] | ||
Koordinatar | 44°38′S 167°51′E / 44.633°S 167.850°E | ||
Mitre Peak på New Zealand 44°37′59″S 167°51′22″E / 44.633°S 167.856°E | |||
Wikimedia Commons: Mitre Peak, New Zealand |
Mitre Peak er eit ikonisk fjell på Sørøya på New Zealand. Det er ein av dei mest fotograferte tindane i landet. For maoriane var fjellet kjent som Rahotu.[1]
Den eigenarta fasongen på fjelltoppen har gjeve den namnet sitt, etter mitraen, hovudplagget til kristne biskopar.[2] Det vart namngjeve av mannskapet på HMS «Acheron».
Noko av årsaka til fjellet sin status er plasseringa. Nær kysten i Milford Sound, i Fiordland National Park, sørvest på Sørøya, er det eit fantastisk syn. Det stig til 1 692 meter over vassflata i fjorden, og er i røynda ei gruppe på fem tindar, sjølv om det ser ut som ein tind frå dei lettast tilgjengelege utsiktspunkta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Danilo Hegg (25. april 2010). «Tramping and Climbing in Aotearoa». Henta 28. februar 2012.
- ↑ Om Mitre Peak i Te Ara Encyclopedia of New Zealand
- Denne artikkelen bygger på «Mitre Peak» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2012.