Mauranger
Utsjånad
Mauranger er ei bygd i Kvinnherad kommune i Vestland. Ho omfattar mellom andre matrikkelgardane Fureberg, Tveitnes, Kroka, Bondhus og Sunndal, samt grendene i Austrepollen, Nordrepollen og Gjetingsdalen. Om lag 250 menneske bur i Mauranger.
Bygda ligg langs sørsida og austsida av Maurangsfjorden. Landskapet er prega av nærleiken til Folgefonna, med fleire korte dalar og stupbratte fjellsider.
Turisme, jordbruk, fiskeoppdrett og kraftproduksjon er sentrale næringsvegar i Mauranger.
Tunnel frå Odda under Folgefonna gjer at Mauranger har samband austover. Frå 2012 går den 10,4 km lange Jondalstunnelen frå Nordrepollen til nabokommunen Jondal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mauranger» frå Wikipedia på bokmål, den 20. januar 2014.