Hopp til innhald

Maktbalanse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Maktbalanse er ein teori i internasjonal politikk om at det internasjonale systemet har ein ibuande tendens som prøver å oppnå ein viss likevekt mellom maktene. Den sentrale tanken er at dersom ein stat eller ein koalisjon av statar prøver å sikre seg ein altfor dominerande stilling i forhold til dei andre statane, så vil det oppstå ein motkoalisjon som hindrar at dette skjer. Teorien om om maktbalansen prøver å forklare korleis det internasjonale systemet fungerer og korleis dei enkelte statane bør oppføre seg.

Den europeiske politikken på 1700- og 1800-talet vert gjerne sett på som den klassiske perioden i maktbalansepolitikken fordi dei viktigaste maktene, Storbritannia, Frankrike, Russland, Austerrike og Preussen i denne perioden i stor grad hadde maktbalanse som rettesnor for utanrikspolitikken sin. Det vert rekna som ein fordel for maktbalansen om det er minst fem stormakter som deltar som sjølvstendige aktørar og at desse er villige til å danne skiftande koalisjonar når maktforholda endrar seg.

Den første verdskrigen reiv vekk grunnlaget for dette klassiske europeiske maktbalansesystemet, mellom anna fordi Tyskland vart nekta å gjeninntre som likeverdig deltakar etter freden. I samband med den andre verdskrigen braut systemet endeleg saman. Maktbalansen mellom supermaktene USA og Sovjetunionen frå 1945 har få parallellar i historia. At det ikkje braut ut krig mellom supermaktene er blitt forklart med trugselen frå kjernevåpna (terrorbalansen), framveksten av nye internasjonale samarbeidsformer og at supermaktene kunne konkurrere i andre delar av verda.

Alternativet til maktbalanse er mellom anna kollektiv tryggleik eller aukande økonomisk og politisk integrasjon, slik tilfellet har vore etter den kalde krigen.

«Maktbalanse» i Store norske leksikon, snl.no.