Magnus Andersen
Magnus Andersen | |||
Fødd | 20. mars 1916 Andøya | ||
---|---|---|---|
Død | 11. desember 1994 | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeiderpartiet | ||
Yrke | politikar, fiskar | ||
Verv | Noregs fiskeriminister 1963–1965 | ||
Føregangar | Onar Onarheim | ||
Etterfylgjar | Oddmund Myklebust | ||
Verv | Noregs fiskeriminister 1972 | ||
Føregangar | Knut Hoem | ||
Etterfylgjar | Trygve Olsen | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1965-1969, 1969-1973 | ||
Alle verv |
|
Magnus Kristoffer Andersen (20. mars 1916–11. desember 1994), fødd i Andøy kommune, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.
Magnus Andersen var statsråd i Fiskeridepartementet (fiskeriminister) i to periodar:
- 25. september 1963 - 12. oktober 1965 i Einar Gerhardsen si fjerde regjering
- 24. januar 1972 - 18. oktober 1972 i Trygve Bratteli si første regjering
Magnus Andersen arbeidde som fiskar fram til 1955, då han blei formann i Norges Fiskarlag.[1] Han var formann i Fiskarlaget fram til 1963. I januar 1963 leia han som formann i Fiskarlaget ein landsomfattande streik.[2], og vart så sjølv fiskeriminister i september same år. Einar Gerhardsen sa om Andersen: «Han var en dyktig, men stri fiskarlagsformann. Han ble en dyktig og noe mindre stri fiskeriminister».[2]
Etter perioden som fiskeriminister 1963-1965 vart han vald inn på Stortinget for Nordland, og sat der i periodane 1965-1969 og 1969-1973. I den første perioden var han medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen og nestformann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. I den andre perioden var han nestformann i Fullmaktskomiteen i tillegg til å sitje i dei same komiteane som i den første perioden.[1]
Andersen sat også i ei lang rekkje utval, styre og nemnder gjennom ei lang politisk karriere. Han var blant anna styreformann for Postverket i perioden 1974 til 1982.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Andersen, Magnus». stortinget.no. Henta 22. juli 2010.
- ↑ 2,0 2,1 «Fiskeridepartementet 1946 - 2004» (pdf). regjeringen.no. Henta 24. juni 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Magnus Andersen Omtale (med bilde) i Nordland fylkesleksikon. Nrk.no