Mabel Gay
Utsjånad
Mabel Gay | |
Statsborgarskap | Cuba |
Fødd | 5. mai 1983 (41 år) Santiago de Cuba |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008 |
Mabel Gay (fødd 5. mai 1983) er ein kubansk tidlegare tresteghoppar frå Santiago de Cuba som vann VM-sølv i 2009 og fyrsteplassen i IAAF-finalen same året.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Gay sette personleg rekord med eit på 14,52 meter og vart nummer 5 i VM-finalen 2003. Seks år seinare forbetra ho seg til 14,61 m i Berlin-VM 2009 og sikra kubansk dobbeltsiger bak landskvinna Yargelis Savigne. Same sesongen sigra Gay ved IAAF-finalen i Thessaloniki med eit bestehopp på 14,62 m. Under verdsmeisterskapen 2011 i Daegu sette ho livsbeste med 14,67 meter, noko som gav henne fjerdeplassen i tevlinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2003 i Paris: Nr 5 – 14,52 m
- VM 2005 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (13,83 m=nr 18)
- OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (14,09 m=nr 15)
- VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 14,61 m, bakom Yargelis Savigne (14,95 m)
- VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 14,67 m
- VM 2013 i Moskva: Nr 5 – 14,45 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mabel Gay» frå Wikipedia på tysk, den 12. juli 2022.