Lorens Berg
Lorens Berg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. januar 1862 Kodal |
Død |
14. september 1924 (62 år) |
Yrke | lærar |
Lorens Berg (18. januar 1862–14. september 1924) var ein norsk lærar og lokalhistorikar.
Lorens Berg var fødd i Kodal i tidlegare Andebu kommune. Han var gjetargut, gardsgut og sjømann, før han blei lærar i 1881. Han var lærar på Prestbyen i Kodal frå 1891 til 1899.
I 1905 gav Berg ut boka Andebu - en vestfoldbygds historie i 1600-aarene, og innleia med denne eit lokalhistorisk forfattarskap som kom til å bli banebrytande i Noreg, bygd på arkivstudie og ei sikker, metodisk framstillingsform. I løpet av mindre enn 20 år gav han ut bygdebøker om Brunlanes, Hedrum, Tjølling, Sandeherred (Sandar), Tjøme, Nøtterøy og Stokke. Han blei statsstipendiat i 1911.
Lorens Berg døydde i Kristiania 14. september 1924. Han blei gravlagt på Kodal kyrkjegard 19. september 1924, der det er reist eit minnesmerke ved grava. I 1952 blei det avduka ein statue av Lorens Berg laga av Hans Holmen ved Prestbyen i Kodal.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kodal bygdeleksikon biografi
- vestfoldportalen Arkivert 2007-08-20 ved Wayback Machine. biografi og bibliografi
- Andebu - en vestfoldbygds historie i 1600-aarene fulltekst