Hopp til innhald

Lake Washington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lake Washington
innsjø
Sjøen sett mot aust, med Mount Baker i bakgrunnen.
Land  USA
Kart
Lake Washington
47°37′00″N 122°15′53″W / 47.616666666667°N 122.26472222222°W / 47.616666666667; -122.26472222222
Wikimedia Commons: Lake Washington
Utsikt mot søraust mot Mercer Island og Mount Rainier i bakgrunnen.

Lake Washington er ein amerikansk innsjø som ligg austom byen Seattle. Vest for Lake Washington ligg byane Bellevue, Kirkland og Redmond, som det er muleg å køyra til via bruer over sjøen.

Lake Washington husa tidlegare ein større base for undervassbåtar som kunne segla ut i Puget Sound via ein kanal som deler Seattle på tvers, og derfrå vidare ut i sjølve Stillehavet. Samstundes har basen lege godt beskytta, då dette er einaste veg inn og ut. Basen er i dag eit rekreasjonsområde for innbyggjarane i Seattle, der det blant anna er muleg å bada i Lake Washington. Men vatnet kan vera iskaldt, ettersom det kjem som smeltevatn om sommaren frå dei nærliggande Kaskadefjella.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lake Washington