Hopp til innhald

Kurdisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kurdiske språk)
Kurdisk
كوردی kurdî
Klassifisering Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Iransk
   Vestiransk
    Nordvestiransk
     Kurdisk
Talarar kurdarar
Bruk
Tala i Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Irak, Iran, Libanon, Syria, Turkmenistan og Tyrkia
Kurdisktalande i alt ca. 13-20 000 000[1]
Skriftsystem Latinsk, arabisk , kyrillisk og armensk.
Språkkodar
ISO 639-1 ku
ISO 639-2 kur
ISO 639-3 kur – kurdisk (generisk)

ckbsentralkurdisk
kmrnordkurdisk
sdhsørkudisk

Wikipedia på kurdisk

Kurdisk er eit nordvest-iransk språk eller eit dialektkontinuum i den indoeuropeiske språkfamilien. Det vert tala av kurdarar, fyrst og fremst snakka i delar av Iran, Irak, Syria og Tyrkia. Det området der kurdisk er det hovudsaklege språket vert kalla Kurdistan, men ettersom språkområdet er delt mellom ulike land finst det ikkje noko fastlagt kurdisk standardspråk. Dei viktigaste regionale standardane er det nordlege kurmanji og sorani som blir tala lengre aust og sør. I tillegg utgjer zaza-goranispråk som zazaisk ei tydeleg eiga gruppe.

Nord og vest i Kurdistan vert kurdisk skrive med latinske bokstavar. Sør, aust og sentralt i Kurdistan vert ei modifisert form av arabisk skrift nytta.

  1. «Språk», kurdistan.no
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.