Kfar Malal
Kfar Malal | |||
landsby | |||
Namneopphav: Moshe Leib Lilienblum-landsbyen | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Sharonsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Drom HaSharon | ||
Koordinatar | 32°10′4.44″N 34°53′42.35″E / 32.1679000°N 34.8950972°E | ||
Areal | 1,613 km² | ||
Grunnlagd | 1916 | ||
Kfar Malal 32°10′04″N 34°53′42″E / 32.1679°N 34.895097222222°E | |||
Kart som viser Kfar Malal.
| |||
Wikimedia Commons: Kfar Malal |
Kfar Malal (hebraisk skrift כְּפַר מַלָּ"ל) er ein jordbruks-moshav i Sharon-området sentralt i Israel. I 2002 var folketalet 443.[1] Moshaven høyrer til Drom HaSharon regionale kommune.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Landsbyen vart grunnlagd i 1911 som «Ein Hai» (tyder Fontena til dei levande) på privateigd land.[1] Han fekk seinare namnet Kfar Malal etter Moshe Leib Lilienblum (משה לייב לילינבלום), ein av dei første leiarane av Hovevei Zion-rørsla.[2] Landsbyen vart øydelagd i slag under fyrste verdskrigen, bygd opp att av ei gruppe arbeidarar og rasert att i 1921 under Jaffa-opprøra. I 1922 vart landområdet overført til Jewish National Fund og Kfar Malal vart bygd opp att som ein moshav. Han leid under åtak i arabaropprøra i 1929.[1] Ariel Sharon, den 11. statsministeren i Israel, var fødd i Kfar Malal. Det er sagt at mor hans sov med eit gevær under senga fram til ho døydde etter at ho måtte gøyme seg i fjøset om natta for beduin-bandittar.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kfar Malal» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: