Johannes Gjetmundsen
Utsjånad
Johannes Gjetmundsen | |||
Fødd | 4. mars 1860 Hafslo | ||
---|---|---|---|
Død | 26. mars 1924 (64 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | fiskar, bonde, politikar | ||
Alle verv |
|
Johannes Gjetmundsen (4. mars 1860–26. mars 1924) var ein norsk gardbrukar, fiskar og stortingsmann fødd i Hafslo i Sogn. Han var medlem av Venstre.
Gjetmundsen kom til verda på ein husmannsplass i Sogn. Foreldra hans flytta kringom 1862 til Talvik i Finnmark og vart gardbrukarar der. Gjetmundsen gjekk amtsskulen i Finnmark 1876-77. Sidan var han fiskar og frå 1885 også brukar av garden Kviby i Talvik. I sine seinare år var han heradskasserar i Talvik.
Gjetmundsen var medlem av heradsstyret i Talvik frå 1892 og nokre år framover. Han var formann i skulestyret 1899-1905 og fattigstyret 1909-12. Valbolken 1913-15 representerte han einmannskrinsen Vest-Finnmarken på Stortinget og var medlem næringskomite nr 2.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Lokalhistoriewiki
- Biografisk informasjon om Johannes Gjetmundsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv