Jimmy Douglass
Jimmy Douglass | |||
Fødd | 20. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Alias | The Senator | ||
Opphav | New York City i USA | ||
Aktiv | Sidan 1970-åra | ||
Tilknytte artistar | Foreigner, Rolling Stones, Timbaland, Missy Elliott, Aaliyah, Jay-Z, Justin Timberlake, Passionate Friends, The Internet, Blood Orange | ||
Plateselskap | Atlantic Records | ||
Verka som | Lydteknikar, lydmiksing, plateprodusent |
Jimmy Douglass, òg kjend som «The Senator», er ein USA-amerikansk lydteknikar og plateprodusent. Han har vore aktiv i meir enn fire tiår.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Tidleg i 1970-åra byrja han studiokarrieren sin i studioa til Atlantic Records i New York City, medan han framleis gjekk på vidaregåande skule. Her gjekk han i lære hos erfarne lydteknikarar og produsentar som Tom Dowd, Arif Mardin, Jerry Wexler og Ahmet Ertegun. Hos Atlantic Recording arbeidde han med artistar som Aretha Franklin, Hall & Oates, Roberta Flack, Donny Hathaway, Foreigner, Led Zeppelin og AC/DC.
I 1980-åra byrja Douglass òg å fungere som produsent. Han var lydteknikar og produsent for etablerte artistar som The Rolling Stones, Elkie Brooks, Slave, Odyssey, Roxy Music, Genesis og Gang of Four.
Frå 1990-åra har Douglass arbeidd mykje med jinglar og post-produksjon. I 1994 byrja han å samarbeide mykje med produsenten Timbaland og var lydteknikar for han i meir enn eitt tiår. Dei samarbeidde med artistar som Aaliyah, Missy Elliott, Ginuwine og Jay-Z.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jimmy Douglass» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: