Hopp til innhald

Jacques Charles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacques Charles

Fødd12. november 1746
Beaugency
Død7. april 1823
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdefysikar, fysikk, matematikk, oppdagelser og oppfinnelser, varmluftsballong, hot air ballooning
Yrkekjemikar, oppfinnar, aeronaut, matematikar, instrumentmaker, lærd, fysikar, vitskapsperson, flygar
EktefelleJulie Charles
MedlemCentro de Bachillerato Tecnologico Agropecuario No. 18
Det franske vitskapsakademiet

Jacques Alexandre César Charles (12. november 17467. april 1823) var ein fransk fysikar, særleg kjent for undersøkingar av volumendringar til gassar med trykk og temperatur. Han stadfesta Boyle–Mariotte-lova og påviste at ein volumet til ei gassmengd aukar proporsjonalt med temperaturen når trykte er konstant, Charles-lova. Då Charles ikkje offentleggjorde resultata av desse undersøkingane, blir æra for oppdaginga oftast tillagt Gay-Lussac, som publiserte arbeida hans saman med sine eigne undersøkingar i 1802. Charles-lova blir difor ofte kalla Gay-Lussac-lova.

Charles bygde i 1783 saman med brørne Robert den første hydrogenfylte luftballongen (charlière) og reiste med ein slik ballong 40 km på 2 timar i opptil 3000 meter høgd.