Idrosjøen
Idrosjøen | |||
innsjø | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Provinsar | Brescia, Trento | ||
Innsjøtype | Kratersjø | ||
Tilsig | Chiese, Caffaro, Re di Anfo | ||
Utløp | Chiese | ||
Nedslagsfelt | 617 km² | ||
Høgd over havet | 368 moh. | ||
Lengd | 11 km | ||
Breidd | 1,9 km | ||
Areal | 11,4 km² | ||
Største djupn | 122 m | ||
Kystlengd1 | 24 km | ||
Koordinatar | 45°46′48″N 10°30′36″E / 45.78000°N 10.51000°E | ||
Byar | Bondone, Idro, Anfo, Bagolino | ||
Idrosjøen 45°46′28″N 10°30′40″E / 45.7745°N 10.511°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Idro | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Idrosjøen (italiensk Lago d'Idro, òg Eridio frå latin Eridius lacus) er ein innsjø som ligg i provinsen Brescia (Lombardia) og i provinsen Trento (Trentino-Alto Adige).
Med ei høgd på 368 meter over havet er han den høgastliggande innsjøen i Lombardi før Alpane. Innsjøen får hovudsakleg vatn frå elva Chiese, som òg er det einaste utsiget. Idrosjøen dekkjer eit areal på 11,4 km² og er 122 meter på det djupaste.
Rundt innsjøen ligg det skogkledde fjell. Han har ei kystlinje på 24 km, som vert delt mellom fire kommunar: Idro, som har gjeve namn til innsjøen, Anfo, Bagolino og Bondone.
Idrosjøen har alvorlege problem med eutrofiering som følgje av dårlege kloakksystem kring innsjøen og bruken av elvane inn i innsjøen for kunstig vatning. I tillegg vert elvane nytta til produksjon av vasskraft. Innsjøen har derfor vorte ein konflikt mellom miljømessige, jordbruket og straumindustrien sine omsyn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake Idro» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2007 k.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- http://www.ise.cnr.it/limno/schede/idro.htm Arkivert 2016-05-11 ved Wayback Machine.
- Salviamo il lago d’idro