Helikopter
Eit helikopter er eit motordrive flygande transportmiddel. Helikopteret har ein horisontal propell som eigenleg er roterande venger, kalla rotor, på toppen, og ein vertikalt plassert propell, halerotor, som trengst for å motverka den rotasjonskrafta på fartøyet som skuldast hovudrotoren. Då hovudrotoren både lyfter helikopteret og driv det framover, treng ikkje helikopter rullebane for å letta og landa, og vert difor brukte for transport der det ikkje finst flyplassar, og i andre situasjonar der det er upraktisk eller ikkje lèt seg gjera å bruka fly med faste venger.
I staden for å utstyra helikopteret med ein vertikal halerotor for å motverka den rotasjonskrafta på fartøyet som skuldast hovudrotoren, kan hovudrotoren gjerast dobbel ved at to rotorar sit på same aksel og roterer i motsett lei i høve til kvarandre, den eine over den andre, kalla koaksialrotorar. Ei anna løysing er å ha ein hovudrotor framme på helikopteret og ein hovudrotor bak på helikopteret som roterer i motsett lei i høve til kvarandre, sokalla tandemrotorar, som gjev helikopteret større lyftekapasitet enn om det berre hadde ein hovudrotor. Både koaksialrotorar og tandemrotorar er teknisk meir kompliserte og dyrare enn løysinga med ein hovudrotor kombinert med ein vertikal halerotor, og har for det meste berre vore nytta på militære helikopter. Mesteparten av dei helikoptera med koaksialrotorar som har vore produserte, er komne frå den russiske produsenten Kamov.
Ein viktig eigenskap ved eit helikopter er at det, i motsetnad til eit fly, har eit særs stort navigeringsspelerom. Det kan flyga i alle retningar, rett opp, rett ned, sidelengs osb, og kan haldast flygande på ein fast plass i ei fast høgd. Dette gjer det mellom anna mogleg å festa last til ei line som heng ned frå helikopteret, og soleis nytta det til å henta og frakta last som er større enn det helikopteret kan romma, og deretter lett plassera lasta der ho skal nyttast, så å seia utan omsyn til terrengtilhøva. På tilsvarande vis kan redningsfolk firast ned frå helikopteret for å berga folk i som ligg i sjøen, ligg skadde i ulendt terreng, sit fast på fjellhyller osb. Helikopteret kan òg nyttast som arbeidsreiskap, til dømes når kraftliner skal strekkjast.
Helikoptertransport i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Helikopter i Noreg er ofte nytta til vare- og persontransport i veglaust terreng, for å få gjort arbeid på kraftliner og andre høge innretningar, til sjuketransport og redningsoperasjonar, i politiet og i militær samanheng. Dessutan vert helikopter brukte for å transportera folk til og frå oljeinstallasjonar i Nordsjøen.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Film av ei prøveflyging av Pescara-helikopteret i 1922.