Haugesund stadion
Utsjånad
Haugesund stadion | |
Adresse | Karmsundggaten 169, 5522 Haugesund |
Brukarar | Haugesund, Vard, Haugar, Djerv 1919 |
Underlag | Naturgras |
Kapasitet | 5200, men skal oppgraderast etter 2012 sesongen |
Haugesund stadion er eit stadionanlegg i Haugesund som på folkemunne vert kalla «Gamlå». Banen har naturgras og blir brukt av Fotballklubben Haugesund. Tilskodarrekorden på ca. 17 000 vart sett 1. oktober 1961 i kampen mellom Sportsklubben Haugar og Steinkjer FK.[treng kjelde] Før sesongen 2010 vart det sett opp flaumlys, mediefasilitetar og ein 28 m² stor TV-skjerm.
Supportarklubben Maakeberget held til på vestre ståtribune.
Løpebanen rundt vart fjerna hausten 2012 og grasmatta vart flytta inn til austre tribune og stod klar til seriestart 2013.
Oppgradering 2013-2014
[endre | endre wikiteksten]Styret i Stadionselskapet HKFKH AS har avgjort følgjande utbygging av Haugesund stadion:
- Gamle vestre tribune (576 seter) skal rivast og ny hovudtribune skal stå klar til 30. september 2013 (kapasiteten blir 2500 seter)
- Austre tribune (2254 seter) skal utvidast slik at han blir samanhengande langs heile langsida (dato og kapasitet ikkje avgjort)
- Nordre og søndre sving får nye tribunar. HFKH AS har kjøpt kortsidene til Sandefjord fotball og tribuneseksjonane skal vere installert til 2013 sesongen[1]
Tribune | Kapasitet 2012 | Ny kapasitet | Venta ferdig |
---|---|---|---|
Vestre langside (ny hovudtribune) | 576 | 2459 | 30.09.2013 |
Austre langside | 2254 | 3000++ | 2014++ |
Nordre sving | 2370 | 2000 | 01.04.2013 |
Søndre sving | 0 | 1000 | 01.04.2013 |
Haugesund Stadion | 5200 | 8459++ | 2014++ |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Haugesund Stadion» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mai 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: