Handball under Sommar-OL 1988/Kvinner
Handball under Sommar-OL 1988 for kvinner vart avvikla frå 21. til 29. september 1988 i Suwon i Sør-Korea. Åtte land deltok i turneringa: Elfenbeinskysten, Jugoslavia, Kina, Noreg, Sør-Korea, Tsjekkoslovakia, Sovjetunionen, USA.
Laga var delt inn i to grupper med fire lag i kvar, der alle laga i den enkelte gruppa spelte kamp mot einannan. Dei to beste laga i gruppene avanserte til finaleserie, dei to siste til ei plasseringsserie.
Finaleserien
[endre | endre wikiteksten]Sør-Korea vann alle tre kampane som talde med i finaleserien og sikra gullmedalje, for aller fyrste gong. Noreg og Sovjetunionen enda på 3 poeng kvar, Noreg vann sølv med sine 2 plussmål, Sovjetunionen hadde 1 plussmål og måtte nøye seg med bronseplassen.
Det sørkoreanske gullmannskapet bestod, mellom andre, av Han Hyun-sook, Kim Mi-sook, Kim Choon-rye, Kim Hyun-mee, Kim Myung-soon, Kim Kyung-soon, Lee Mi-young, Lim Mi-kyung, Son Mi-na, Sung Kyung-hwa.
Dei norske sølvmedaljørane heitte Heidi Sundal, Susann Goksør, Cathrine Svendsen, Hanne Hogness, Karin Pettersen, Ingrid Steen, målvaktene Annette Skotvoll, Kjerstin Andersen og Vibeke Johnsen, kapteinen Hanne Hegh, Karin Singstad, Kristin Midthun, Trine Haltvik, Berit Digre og Marte Eliasson.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Handball at the 1988 Summer Olympics – Women's tournament» frå Wikipedia på engelsk, den 19. november 2022.