Guri Schanke
Guri Schanke | |
Guri Schanke opptrer i Helsingfors i 2007. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. desember 1961 (62 år) Austlandet |
Yrke | skodespelar, songar, dansar, teaterskodespelar, plateartist, stemmeskodespelar |
Språk | norsk |
Ektefelle | Øivind Blunck |
Nettstad | http://gurischanke.no |
Guri Schanke på Commons |
Guri Annika Schanke (fødd 14. desember 1961) er ein norsk skodespelar, songar og dansar. Ho vann Melodi Grand Prix 2007 og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 2007, der ho enda på 18. plass i semifinalen.
Guri Schanke er kjend for skodespelarkarrieren sin, særleg i revyar og musikalar. Ho var òg med i siste runden av TV2 sitt underhaldningsprogram Skal vi danse i 2006. 10. februar 2007 vann ho den norske finalen i Melodi Grand Prix med låten «Ven a bailar conmigo» komponert av Thomas G:Son. Schanke representerte Noreg under semifinalen i Eurovision Song Contest 10. mai 2007 i Helsingfors i Finland. Denne semifinalen måtte ho gjennom fordi Noreg sitt bidrag i 2006 ikkje kom blant de ti beste. Guri Schanke fekk for få stemmer til å gå vidare til hovudfinalen.
Guri Schanke var gift med Øivind Blunck frå 1991 til 2008.