Hopp til innhald

Gjøvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjøvik
By
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Gjøvik
Areal 20,02 km²
Folketal 28 494  (2023)
Folketettleik 1 423 / km²
Innbyggjarnamn gjøvikensar/-er
Preposisjon Gjøvik
Kart
Gjøvik
60°47′45″N 10°41′30″E / 60.79575°N 10.69155556°E / 60.79575; 10.69155556
Gjøvik rådhus

Gjøvik er ein by og administrasjonssenteret i Gjøvik kommune i Oppland i Innlandet fylke. Byen har 28 494 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Gjøvik er forretningssentrum for Toten og store delar av Vestoppland, og har sjukehus og universitet (no NTNU, tidlegare Høgskolen i Gjøvik).

Mustad fabrikker, HOFF Norske Potetindustrier og Hunton fiber held til i Gjøvik. Viktige industrigreiner er særleg jarn- og metallindustri og trevarer. Mustad er i dag kjent som den største fiskekrokprodusenten i verda.

Den lokale avisa er Oppland Arbeiderblad og ho har hatt monopol i Gjøvik sidan Samhold/Velgeren gjekk inn i 1998. I 2002 vart Gjøviks Blad etablert som gratisavis i kommunen.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Gjøvik er knutepunkt og sentrum for samferdsle for ein innbyggjarmasse som tel nærare 100 000 menneske. Innpendlingsområdet gjeld i første rekke kommunane Søndre og Nordre Land kommune, i tillegg til Østre og Vestre Toten kommune. Gjøvik er nærmaste by og kommunikasjonssenter for folket i Hadeland (Gran, Jevnaker og Lunner) og Valdres. Fleire samferdselsårar går gjennom byen. Fylkesveg 33 bind Gjøvik med E6 ved Minnesund. Riksveg 4 går gjennom byen og møtest av E6 midt i Gjøvik kommune mellom Redalen og Biri. I sørleg retning knyter vegen Gjøvik til Raufoss (Vestre Toten) og Gran (i Hadeland). Gjøvikbanen har endestasjon midt i Gjøvik sentrum. Grunnlaget for ferjesambandet Gjøvik-Mengshol vart borte etter at Mjøsbrua vart opna.

Gjøvik videregående skole vart etablert i 2005 som ei samanslutning av Tranberg vgs. (Allmenfag og musikk, dans, drama), Gjøvik vgs. (Yrkesfag) og Bondelia vgs. (Helse og sosialfag, hudpleiefag og medium og kommunikasjon). I august 2007 vart dei tre skulane samlokaliserte i eit nytt, moderne bygg like ved Gjøvik sjukehus, i kvartalet mellom Ludvig Skattumsgt., Austeens veg og Gravlundvegen.

NTNU campus Gjøvik ligg sørvest for Gjøvik sentrum og tilbyr høgre- og lægregradsstudiar innan helse og teknologi.

«Gjøvik – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]