Hopp til innhald

Gian Gastone de' Medici

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gian Gastone

Storhertug av Toscana
Regjeringstid31. oktober 1723 – 9. juli 1737
Fullt namnGiovanni Battista Gastone de' Medici
Fødd24. mai 1671
FødestadPitti slott i Firenze i Toscana
Død9. juli 1737 (66 år)
DødsstadPitti slott i Firenze i Toscana
GravstadSan Lorenzo-basilikaen
FøregangarCosimo III de' Medici
EtterfølgjarFrans Stefan av Lorraine
Gift medAnna Maria Franziska von Sachsen-Lauenbur
DynastiMedici
FarCosimo III de' Medici
MorMarguerite Louise d'Orléans

Gian Gastone de' Medici eller Giovanni Battista Gastone (24. mai 16719. juli 1737) var den siste storhertugen av Toscana frå Medici-familien. Han var den andre sonen til Cosimo III de' Medici av Toscana og Marguerite Louise d'Orléans, prinsesse av Frankrike.[1] Syster hans, Anna Maria Luisa de' Medici, kurfyrstinne av Pfalz, gifta han bort til Anna Maria Franziska av Sachsen-Lauenburg, ei rik enke, i 1697. Uheldigvis forakta Gian Gastone kona si, og ho forakta han. Ekteskapet var derfor barnlaust. Sidan storprins Ferdinando, den eldre broren til Gian Gastone, døydde før Cosimo III, var det Gian Gastone som etterfølgde faren som storhertug i 1723.

Regjeringstida hans var prega av at han gjorde om på den ultra-reaksjonære politikken til føregangaren. Mellom anna avskaffa han skatt for fattigare folk, oppheva antisemittisk straffelover og stoppa med offentlege avrettingar.[2] Medici-familien var i mangel på mannlege arvingar. Faren Cosimo III ønskte kurfyrstinna av Pfalz til å overta etter Gian Gastone. Men Spania, Storbritannia, Austerrike og Dei sameinte Nederlanda var imot planen til Cosimo og utpeikte Don Carlos av Spania som arvingen til Gian Gastone. Mor hans, Elisabeth Farnese, var oldebarnet til Margherita de' Medici.[3] Don Carlos overførte seinare kravet sitt til Frans III av Lorraine i samsvar med ei førebuande fredsavtale som vart underskriven i 1738.[4] Frans tok derfor over då Gastone døydde, den 9. juli 1737 og enda eit nesten 300 år langt Medici-styre over Firenze. Den siste tida av regjeringstida si valde Gian Gastone å ligge til sengs og vart teken vare på av omgangskrinsen sin, kalla Ruspanti.[5]

  1. Young, p 460
  2. Hale, J.R., p 191
  3. Young, p 481
  4. Hale, p 192
  5. Strathern, p 407

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gian Gastone de' Medici