Gharife
Utsjånad
Gharife | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Chouf distrikt | ||
Høgd | 800 moh. | ||
Koordinatar | 33°38′17″N 35°33′13″E / 33.638173°N 35.553634°E | ||
Folketal | 8 260 | ||
Gharife 33°38′19″N 35°33′13″E / 33.638611111111°N 35.553611111111°E | |||
Kart som viser Gharife.
|
Gharifeh eller Gharife er ein landsby i Chouf distrikt i Libanon.
Namnet har ukjend opphav, men kan kome frå assyrisk og tyde «klippe».
Gharifeh ligg 800 meter over havet, 56 km frå hovudstaden i Libanon, Beirut, og 8 kilometer frå Beit Ed Dine, det administrative senteret i distriktet. Det bur kring 8 260 innbyggjarar i Gharifeh.
Gharifeh er omgjeve av høge fjell og skogar. Han er kjend for olivenolja som kjem frå oliventre daterte til romartida. Det er gjort mange arkeologiske funn kring Gharifeh, som ei bru mellom Chouf og Iqlim el Kharroub, steinmøller og gamle romerske krukker.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gharife» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: