Enjoy Yourself
Enjoy Yourself Studioalbum av Kylie Minogue | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. oktober 1988 | |
Innspelt | februari–juli 1989 | |
Sjanger | Dansepop | |
Lengd | 32:55 | |
Selskap | Mushroom Records Geffen Records | |
Produsent | Stock Aitken Waterman | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Kylie Minogue-kronologi | ||
Kylie (1988) |
Enjoy Yourself | Rhythm of Love (1990) |
Singlar frå Enjoy Yourself | ||
|
Enjoy Yourself er det andre albumet til australske songaren Kylie Minogue, utgjeve av PWL den 9. oktober 1989. Albumet vart produsert og skrivne av Stock Aitken Waterman, bortsett frå «Tears on My Pillow». Det er vorte notert at albumet er svært lik det forrige, Kylie. Albumet har fått blanda meldingar frå kritikarar.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Etter den kommersielle suksessen med debutalbumet Kylie i 1988 byrja Minogue innspelinga av det neste albumet med produsentane Stock Aitken Waterman på PWL Studios i London i februar 1989. Innspelinga òg fann stad i april og juli 1989 med coverversjonen av «Tears on My Pillow» som var ein av dei siste songane som vart spelt inn til albumet.
Listeplasseringar og sal
[endre | endre wikiteksten]Enjoy Yourself nådde fyrsteplassen i Storbritannia på UK Albums Chart og vart sertifisert til platina to gonger etter sal på over 600 000 eksemplar. Albumet selde over ein million eksemplar i løpet av dei ti første vekene etter utgjevinga, og nådde grensa for kvadrupelplatina den 1. januar 1990. Albumet nådde niandeplassen i Australia og vart sertifisert til platina for utgjevinga. Albumet har selt over fem millionar eksemplar på verdsbasis.
Albumet nådde òg fyrsteplass i Hongkong og Irland, og nådde Top 10 i Belgia, Danmark, Hellas og Japan. I Nord-Amerika fekk albumet avgrensa forfremmelse og nådde ikkje dei fleste albumlista. Albumet nådde òg sjetteplassen i New Zealand, 16. plassen i Spania den 9. desember 1989 og var på hitlistene for nitti veker. Albumet vart seinare sertifisert gull i landet.
Singlar
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste singelen «Hand on Your Heart» nådde fyrsteplassen på den britiske hitlista og fjerdeplassen på den australske hitlista. Den andre singelen «Wouldn't Change a Thing» debuterte som andreplassen i Storbritannia. Den tredje singelen, «Never Too Late», vart den åttande singelen av Minogue på rad som hamna på dei britiske hitlistene. Han vart nummer fire og selde over 200 000 eksemplar. Den fjerde singelen «Tears on My Pillow» vart spelt inn for filmen The Delinquents og er ein coverversjon. Songen gjekk inn som andreplassen på hitlista i Storbritannia og nådde fyrsteplass veka etter.
Sporliste
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne og produsert av Stock Aitken Waterman, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Hand on Your Heart» | 3:54 | |
2. | «Wouldn't Change a Thing» | 3:17 | |
3. | «Never Too Late» | 3:24 | |
4. | «Nothing to Lose» | 3:27 | |
5. | «Tell Tale Sings» | 2:28 | |
6. | «My Secret Heart» | 2:42 | |
7. | «I'm Over Dreaming (Over You)» | 3:27 | |
8. | «Tears on My Pillow» | Sylvester Bradford, Al Lewis | 2:33 |
9. | «Heaven and Earth» | 3:47 | |
10. | «Enjoy Yourself» | 3:46 |
Topplisteplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Toppliste (1989) | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts) | 9 |
Belgia (IFPI) | 3 |
Danmark (Tracklisten) | 10 |
Tyskland (Media Control Charts) | 33 |
Hellas (Greek Albums Chart) | 2 |
Irland (Irish Albums Chart) | 1 |
Japan (Oricon)[1] | 5 |
New Zealand (RIANZ)[2] | 6 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[3] | 13 |
Sverige (Sverigetopplistan)[4] | 33 |
Storbritannia (UK Albums Chart) | 1 |
Sertifiseringar
[endre | endre wikiteksten]Land | Sertifisering | Sal |
---|---|---|
Australia (ARIA) | Platina | 70.000 |
Storbritannia (BPI) | 4× Platina | 1.200.000 |
Frankrike (SNEP) | Gull | 100.000 |
Sveits (IFPI) | Gull | 25.000 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Enjoy Yourself (Kylie Minogue album)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «カイリー・ミノーグ». Oricon.co.jp. Henta 2. august 2012.
- ↑ Steffen Hung. «Kylie». Charts.org.nz. Henta 2. august 2012.
- ↑ «Discography Kylie Minogue». Schweizer Hitparade. Hung Medien. Henta 5. januar 2008.
- ↑ «Discography Kylie Minogue». Sverigetopplistan. Hung Medien. Henta 5. januar 2008.