Emory Gordy jr.
Emory Gordy Jr | |||
| |||
Fødd | 25. desember 1944 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Atlanta | ||
Fødenamn | Emory Lee Gordy | ||
Opphav | Atlanta i USA | ||
Aktiv | 1964 til i dag | ||
Instrument | gitar, mandolin | ||
Verka som | Produsent |
Emory Lee Gordy, Jr. (fødd 25. desember 1944) er ein amerikansk musikar og plateprodusent.
Han starta karrieren som studiomusikar i Atlanta i 1964, då han spelte med Tommy Roe på ein lokal konsert. I lag med Dennis Yost var han med på å skrive Classics IV-hitten «Traces».[1]
Han flytta til Los Angeles tidleg i 1970 og heldt fram å arbeide som studiomusikar der. Han var lydteknikar og produsent for Debbie Reynolds og Liberace før han i 1971 fekk høve til å turnere med Neil Diamond på bass. Han spelte fleire instrument på innspelinga for Diamond-albumet Hot August Night.[2] I 1972 arbeidde han med Elvis Presley, og spelte bass på «Separate Ways» og «Burning Love». Han turnerte med Elvis i 1973, seinare spelte han med Gram Parsons og Emmylou Harris på Parsona-albumet Grievous Angel, som kom ut året etter Parsons døydde i 1973.[2] I midten av 1970-åra spelte han i bandet til Emmylou Harris. Seinare i 70-åra spelte han bass for artistar som Bellamy Brothers, Billy Joel og Tom Petty. Gordy spelte seinare i supergruppa til Rodney Crowell og Rosanne Cash, the Cherry Bombs, i lag med gitaristen Richard Bennett og klaverspelaren Tony Brown og gitaristen Vince Gill.[2] I 1979 spelte Gordy i turnébandet til John Denver.
Frå 1983 arbeidde Gordy mest som produsent for MCA Records i Nashville. Han var produsent på Steve Earle sitt Exit 0 og Guitar Town i lag med Tony Brown. Sidan var han produsent for den framtidige kona si, Patty Loveless. Han heldt òg fram å arbeide med John Denver fram til han døydde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Emory Gordy jr.» frå Wikipedia på engelsk, den 27. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ EP Unlimited, February 2001, Patty's Friends: Emory Gordy, Jr.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Guitar Player, March 1988, pp. 68-74.